Utstyrstekstar: prosa

Arne Henning Årskaug |
Innbunden | ISBN: 9788252187274

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price380 kr

Original og underhaldande prosasamling


Tekstane i Arne Henning Årskaugs debutbok er prega av språkleg overskot og er fulle av eigenarta forteljargrep. I opningsteksten er det er sjølve leilegheita som fortel om det unge paret som har flytta inn. Leiligheita er ikkje særleg optimistisk til at kjærleiken vil vekse og vare. Det kjem til å kome betre kjærleikar er refrenget frå ei leilegheit som har sett og høyrt det meste.


Seinare i boka møter lesaren mellom anna eit par døddrukne og utrangla vener på nattbussen, der svingane styrer både kropp og forteljing, og nokre nyfikne kafégjestar som vert pressa til gje slepp på den daglege tralten sin for å forfølgje ei kvinne til verdas ende.


I den siste teksten får ein representant frå paret i byrjinga høve til sjølv å snakke ut, no som eldre og klokare. Korleis har det gått med kjærleiken? Fekk leilegheita rett i dei dystre spådommane sine?


I Utstyrstekstar skapar både karakterar og forteljingar seg så godt dei kan i møte med alt kaklet og skaket som råkar dei på ulikt vis, utan at det nødvendigvis hjelper noko særleg.

SITAT FRÅ BOKMELDINGAR:

«[M]aksimalistisk guff [...] Årskaug romsterer rundt på det språklige roteloftet med stort utbytte i denne lovende debuten. I Utstyrstekstar er tingenes mest påfallende funksjon at de lager lyd og bråker. Det kryr av lydhermingsord og gamle adjektiver. De oppfinnsomme fortellergrepene florerer.»
Susanne Hedemann Hiorth, Dagens Næringsliv

«Et overflødighetshorn av humoristiske tekster, proppet med adjektiver og utropstegn! Overraskende fortellerstemmer setter hverdagslige hendelser i fornyet perspektiv. Høyst original»
Anne Cathrine Straume, NRK

«Forfatterens novelledebut er av det elleville slaget, en litterær togtur, opp og ned daler, med et lokomotiv som trekker vogner fulle av gammelsaltete adjektiver og breddfulle spann av lydmalende ord. [...] Et sjeldent språktalent, den karen.»
Stein Roll, Adresseavisen

«Det är både allvarligt och roligt. Tragikomiskt. Som popsånger med glada melodier som egentligen är sorgliga.[...]Utstyrstekstar är ändå en uppfriskande debut som vågar följa sin egen skruvade logik.»
Marcus Gustafsson, debutant.nu

«Her er et overflødighetshorn av karakterer, landskap og ikke minst språk.[...]Samlingen må være en gullgruve for en med filologisk interesse! [...] Forfatterens nynorsk må i beste mening karakteriseres som nyskapende og engasjert, og utgjør et oppkomme av malende adjektiv.»
Astrid Werner, Deichman litteraturbloggen

«Arne Henning Årskaug (1985) er skriveglad og skrivefør, morosam også.»
Jan Askelund, Stavanger Aftenblad

Meldingar

Arne Henning Årskaug

Du likar kanskje desse

Sist sett på