Pris:
translation missing: nn.product.general.sale_price379,00 kr

Skildring

Dette er inga heltehistorie. Det er ei kjærleikshistorie.

«- Der er bilde av mamma, sa du, frå baksetet.
- Kor er mamma? svarte eg, frå framsetet. Du brukte lang tid på å formulere deg, fordi språket ditt var i ferd med å gå i oppløysing, eller fordi du leitte etter ei poetisk linje.
- På øyret til bilen.»

Ein liten gut mistar språket og forandrar personlegdom. For mora byrjar ein kamp, først for å forstå kva som skjer med guten, og så for å få hjelp til å gi han den omsorga og oppfølginga han treng. Familien er plutseleg i ein svært utfordrande livssituasjon, og dei må igjennom lange og utmattande prosessar for å få hjelp. Mødrer skal aldri gi opp, blir det sagt, men kva er aksept, og kva er å gi opp?

Tung tids tale er ei sterk historie om å vere foreldre til eit autistisk barn. Om kampen for at barnet skal bli sett som den han er, og få den støtta han og familien treng.

Opplesing: Olaug Nilssen

Meldingar

Bla-i-boka

Olaug Nilssen

Betaling og personvern

American Express Apple Pay Klarna Mastercard Visa

Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.

Du liker kanskje også

Sist sett på