Syn og segn. Hefte 2-2021: tidsskrift for kultur, samfunn & politikk

Astrid Sverresdotter Dypvik |
Hefta | Sidetal: 98 | ISBN: 9788234006401

Pris:
translation missing: nn.product.general.sale_price129 kr
Er det lett misnøye, fullskala bygdeopprør eller populistiske politikarar som er på ferde? Den norske konflikten mellom sentrum og periferi finn stadig nye former. Syn og Segn 2-2021 byr på stemmene frå bygda. Dei fortel om kva som skjer og om kvifor folk er så sinte.
Reidar Almås, sjølve nestoren i norsk bygdeforsking, bidrar med artikkelen «Ein perfekt storm». Han skriv at det nye norske bygdeopprøret i stor grad handlar om økonomi og prioriteringar. Sentralisering har vore ei drivkraft i norsk politikk gjennom mange tiår. Men Erna Solbergs reformer er annleis enn det ein har sett før, skriv Almås. Dei blir gjennomførte utan tiltak som kompenserer bygdene for det som forsvinn. Demed har misnøya vokse seg stor og Senterpartiet fått medvind på meiningsmålingane.

278 grunnskular er lagt ned dei siste åra. Marit Aakre Tennø skriv om kva alle desse nedleggingane betyr for lokalsamfunna. Ho samanliknar det med å pille ut steinar frå ein steingard. Til slutt sit ein att med ei steinrøys.
Anette Musdalslien er ordførar i innlandskommunen Gausdal for Senterpartiet. Ho skriv om livet på landet og livet i storbyen og om kvifor ho i grunnen er glad i begge deler.

Denne utgåva av Syn og Segn byr også på ein tekst av Mette Karlsvik om det fotoet som vart kåra til Årets bilete 2020 av Pressefotografenes klubb. Biletet viser ein person framfor ein laptop i tåkedis, og vart presentert med biletteksten «grått og trist og foran dataen». Karlsvik er personen på biletet og ho hugsar situasjonen som fin, ikkje trist. No har ho skrive eit essay om tolking, foto og om den komplekse verkelegheita.

Lene Wetteland frå den norske Helsingforskomiteen skriv om russiske nettroll og om Vladimir Putins strategiske tryggingspolitikk.

Miljøaktivisten Gaute Eiterjord skriv om Stortingsvalet. Til hausten går mange av dei som streika for klimaet til valurnene for første gong i livet. Eiterjord skriv om kvifor det burde merkast på resultatet.

Astrid Sverresdotter Dypvik

Betaling og personvern

American Express Apple Pay Klarna Mastercard Visa

Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.

Du likar kanskje desse

Sist sett på