Syn og segn. Hefte 1-2022: tidsskrift for kultur, samfunn & politikk

Astrid Sverresdotter Dypvik |
Hefta | Sidetal: 98 | ISBN: 9788234009143

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price129 kr
Ragnar Hovland blir 70 15. april i år. Men festen er alt i gang i Syn og Segn. I intervju med Sigrid Sørumgård Botheim innrømmer Hovland at «eg har kjensler, sjølv om dei sit langt inne». Litteraturkritikar Eivind Myklebust har gjenlese klassikaren Sveve over vatna og skriv om tull og alvor hos Hovland.

Denne gongen handlar det også om mat og moral. For vi i den vestlege verda et på ein måte som pressar klimaet, produksjonsdyra og som set framtidig matproduksjon i fare. Forfattar og Nationen-spaltist Kari Gåsvatn tek til orde for at diskusjonane om mat må bli mindre nærsynte. Det vi treng er mindre moralisering og større forståing for måten maten blir produsert på, hevdar ho. Eirik Magnus Fuglestad, som er odelsgut og forskar i Ruralis - institutt for rural- og regionalforsking, tek eit ramsalt oppgjer med rådande norsk landbrukspolitikk. Fuglestad skriv at vi lukkast med å lage billeg mat til mange menneske, men at prisen er fallande berekraft i alle ledd. Mat-formidlaren Gyro Knutsdotter Homme fortel om kvifor alle bør dyrke meir mat sjølv. Det er ikkje fordi det er lett, men nettopp fordi det er vanskeleg. Vi treng å tenkje annleis om mat - ein kastar ikkje den halve gulrota ein har dyrka fram sjølv, skriv Homme.
Kritikar Maria Horvei skriv om identitetspolitikk og kanselleringskultur. Ho slår fast at identitetspolitikarar slett ikkje er åleine om å agere som moralpoliti, heller ikkje om boikott-krav. Debattkulturen på nett er blitt eit av dei største problema for den offentlege samtalen. Den har blitt eit spel som handlar om å vinne og som eine og åleine produserer taparar, skriv Horvei.
Andrés Rodríguez-Pose, som er professor ved London School of Economics og ved Universitetet i Stavanger, er opptatt av sambandet mellom økonomi og høgreradikalisme. I Syn og Segn fortel han om korleis framgang for ytre høgreparti heng tett saman med langvarig økonomisk tilbakegang på landsbygda. Rodríguez-Pose kallar det hemnen frå stadene ingen bryr seg om. Sk

Astrid Sverresdotter Dypvik

Du likar kanskje desse

Sist sett på