Hovland skriv om ungdommens lengsel og brunst, puling, uløyseleg kjærleikssorg, festar på dei gråaste hyblane i byen, langpils, politiske kranglar, fyll, tungsinn, ablegøyer og bakrus. Hovudpersonen slentrar tafatt inn i dei mest absurde og underhaldande bakevjer.
Han møter den legendariske fylliken, musikaren og kommunisten Dr. Munk, ein person som aldri har skitpreiket og bannskapen langt unna.
Midt i mylderet av svart humor, livsglede og vanvit lever hovudpersonane eit rakrygga liv der politikken, erotikken og - ikkje minst - musikken speler ei sentral rolle.
Ragnar Hovland
Ragnar Hovland (f. 1952) er ei av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Sidan debuten Alltid fleire dagar i 1979, har han utgitt over 50 bøker i dei fleste sjangrar, for både vaksne og barn. Han har mottatt ei rekkje prisar, mellom anna Kritikerprisen, Brageprisen, Dobloug-prisen og Bastian-prisen.
Festspeldiktar under Dei Litterære Festspela i Bergen
Betaling og personvern
Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO