Sterk vind: eit scenisk dikt

Jon Fosse |
Innbunden | Sidetal: 75 | ISBN: 9788234006609

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price329 kr
Fosse-teater med ny vri.

Etter ein pause frå dramatikken på nær ti år skriv Jon Fosse på nytt for teater. "Sterk vind" er det aller første stykket han skreiv etter den lange dramatikkpausen. Sterk vind er eit scenisk dikt, rollene er Mannen, Kvinna og Den unge mannen. Dei er alle i eit husvære, men kven høyrer eigentleg saman? Mannen kjem heim etter ei reise. Kona har flytt inn i eit nytt husvære, der dei møtest, og det dukkar opp ein ung mann. Også han og kvinna har eit forhold, og han bur visst også i husværet.

Det handlar om tid, kjærleik, sjalusi, høgdeskrekk og dragning mot død, nærast som i ein vond draum. Stykket er umiskjenneleg eit Fossestykke, men samstundes inneheld det noko nytt og annleis, blant anna refleksjon og ein nærast vridd røyndom.

Sterk vind har urpremiere på Det Norske Teatret hausten 2021.

Jon Fosse (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger i heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar i inn- og utland.

Bla-i-boka

Jon Fosse

Du likar kanskje desse

Sist sett på