Språket er ei bukse: om biletbruken i norsk språkdebatt

Kristin Fridtun |
Innbunden | Sidetal: 401 | ISBN: 9788252197891

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price429 kr
Er språket ein spegel, eit tårn eller kanskje ein kropp? «Bokmålsrettskrivinga er eit villnis», «Dialekten min er utvatna», «Samnorsk er ein graut»,
«Nynorsken døyr».

Slik pratar me om språk. Me omtalar dialektar og skriftmål som vegetasjon, væsker, matretter og organismar - eller som instrument, byggverk, infrastruktur og kledeplagg. Men kvifor gjer me det? Og kva slags likskapar og skilnader er det mellom biletbruken til fagfolk, lekfolk, målfolk, riksmålsfolk og anna folk i den norske språkdebatten?
Kristin Fridtun har saumfare artiklar, lesarbrev og kommentarfelt på jakt etter svar. Ho viser oss ei side av norsk språkdebatt som har vore lite kjend til no, og ho gjer det med stø hand og lun humor. Språket er ei bukse løyser låtten og set tankane i sving - samstundes.

Meldingar

Bla-i-boka

Kristin Fridtun

Du likar kanskje desse

Sist sett på