Soga om Fråid: hans meiningar og livskjensle: som også inneheld somme salige stunder
Tenåringen Fråid styrer huset i Urskogen 13 saman med storebroren Terje Eddipus og veslesøstera Eva, medan skipperfaren Vulgaris er ute på sine seilasar. Men ein dag kjem faren heim med ei stemor til ungane, Demona de Sjavy. Ho rokkar ved familiedynamikken, og alle må forholde seg til hennar labile humør. Men Fråid trivst med dei nye, kaotiske kvardagane. Han er fascinert av det uredde ved stemora, og kjenner samstundes omsorg for henne. Etter ei mislykka deltaking på eit foreldremøte, går Demona i kjellaren, og Fråid får for seg at han skal vere den første til å klare å lokke latteren ut av henne.
Mona Høvring sin eksplosive roman teiknar eit varmt og innsiktsfullt portrett av ein heilt vanleg uvanleg familie. Soga om Fråid handlar om å finne ut av det å vere ein familie, om sakn og draumar, og om fridomen til å kunne vere den ein helst vil vere - og ønsket om å få vere sola til eit anna menneske.
Mona Høvring (f. 1962) debuterte i 1998 med diktsamlinga IIK!! Ein dialog. Bøkene er omsett til mange språk og har mottatt fleire prisar.
Sitat frå melding
["«Mona Høvring leikar med livet og [...] byr på ei sjeldan fargesterk fabelforteljing. [...] Høvring overgår dei fleste nyare forfattarar i fandenivoldsk og burlesk fargerikdom. Teksten sprudlar
full av overskot og tilsynelatande utemja assosiasjonsleik.» - May Grethe Lerum
Bok365 "
"«Absurd
varmt og velskrive frå eit litterært overskotslager [...] ei lesaroppleving som osar av oppfinnartrong og kreativitet.» - Sofie Braut
Stavanger Aftenblad "
"«et fabulerende fyrverkeri
sprakende av språklig overskudd og fortellerglede.» - Thea Sundstedt Baugstø
BLA "
"«går lenger i eksperimentering med humor enn tidligere bøker av Mona Høvring med godt resultat. [...] årets roman er full av surrealistiske påfunn og forsvarer en framtredende plass i Høvrings rekke av originale
idérike bøker.» - Tom Egil Hverven
Klassekampen "
"«Denne romanen er en ren vitaminpille [...] I sin nye roman
skrevet på nynorsk
blafrer Mona Høvring med et språklig gjøgleri som sjarmerte denne leseren i senk [...] Det kan virke som om Mona Høvring blir språklig dristigere for hver bok.» - Turid Larsen
Dagsavisen "
"«Dette er ein prosa som sprett og dansar både hiphop og halling [...] gjerne i same setning ... Det er krevjande å setje denne boka på formel
ho må rett og slett opplevast
med eit sinn som opnar for forbindelsar langt utanom det vanlege
for det rare og det uventa. Høgt og lågt
lærd og vulgært [...] blir blanda på ein måte ingen gjer etter Mona Høvring.» - Hilde Vesaas
Dag og Tid "]
Bla-i-boka
Mona Høvring
Mona Høvring (f. 1962) debuterte i 1998 med diktsamlinga IIK!! Ein dialog. Bøkene er omsett til mange språk og har mottatt fleire prisar.
Foto: Agnete Brun
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO