Skredet: ein far, ei dotter og kampen for livet
15. mars 2017 går det eit enormt snøras nær fjellet Gråskallen på Haugastøl. Eit tysk turfølgje på seks er på skitur i området i eit forrykande uvêr. 23 år gamle Adina Lange blir nedgraven i snømassane. Ho ligg fanga halvannan meter under snøen og kan berre røre eit par fingrar i eine votten.
I «Skredet» blir lesaren med på faren si desperate leiting etter dottera og Adinas kamp for livet, men også ein utruleg innsats frå både frivillige og profesjonelle som gjer alt for å redde livet til den unge kvinna.
«Skredet» er ei dramatisk og rørande historie om ein kamp for livet i vill natur med frivillige heltar og dyktige hundar. Finst det noko betre i det norske samfunnet enn folk som stiller opp for andre, som brukar fritid og eigne pengar for å redde liv? Korleis gjekk det eigentleg med redningsoperasjonen på Haugastøl og alle dei seks skigåarane? Korleis blei livet etterpå - for far, turvener, hjelparar og ikkje minst for Adina?
Bjørn Asle Nord
Bjørn Asle Nord (f. 1968) er frå Nordfjordeid og bur i Bergen. Han arbeider i NRK med digitale klima- og naturforteljingar, men var i mange år journalist i Bergens Tidende. Nord er kjend for både journalistiske forteljingar og undersøkande journalistikk av svært høg kvalitet. I 2014 gav han ut boka Gi meg heller livet. Ein dokumentar om soldatveteranar i Norge saman med fotograf Håvard Bjelland.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO