I Hjørneviks tredje diktsamling er det farsfiguren og shortsen hans, dette rommelege klesplagget, som er i fokus. I kjend stil leverer Hjørnevik dikt for alle høve, for dei fleste sinnstemningar og for alle dei som har, eller har hatt ein far. Og det er ikkje få. Som forfattaren sjølv seier det: .Året er 2005..Feminismen flaggar på heil stong. Den gamle, gode, hårete og strenge farsfiguren.er i ferd med å døy ut..Samfunnet.er prega av mjuke, usikre.og sårbare menn, som tøflar grinande til og frå.jobb med trillekofferten sin..Kor er mannen som luktar sveitte, som kløyver ved, som aldri klagar, som har hår på brystkassa, som har eit enkelt og.praktisk forhold til kjærleiken, og som skjeller ut ungane sine for det minste feilsteg? Jo då, han lever. Far min. .
Jon Hjørnevik er frå Voss. Han har gitt ut to suksessrike humordiktbøker og eit tulle-leksikon.
Jon Hjørnevik
Jon Hjørnevik (f. 1970) er forfattar, tekstforfattar, julenisse, forvaltningsrevisor, reklamemann, familiemann, statsvitar, jobbsyklist, nabo, daglegvarekunde og komikar frå Voss. Han debuterte med diktsamlinga I ein sofa frå Korea i 2001 og er mannen bak ei rekkje andre populære diktsamlingar. Hjørnevik er også ein høgt skatta opplesar av sine eigne dikt.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO