Profesjonsetikk i sosialt arbeid

Einar Aadland | Ingri-Hanne Brænne Bennwik | Turid Misje |
Amund Lie Nitter (Ill.) | E-bøker | Sidetal: 219 | ISBN: 9788234002069

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price299 kr
I arbeidet med å løyse, redusere og førebygge sosiale problem er sosialt arbeid retta mot både individ og samfunn. Dette gjer at kvardagen til sosialarbeidarar ofte inneber vanskelege val, og vi vel heile tida. Nokre val er vi fornøgde med, men andre ville vi kanskje gjort annleis om vi hadde fått høve til å tenkje oss om. Denne boka handlar om korleis sosialarbeidarar kan finne fram til best moglege handlingsval når situasjonar blir vanskelege og tvilen melder seg - slik at folk får hjelp og innbyggarane får tillit til profesjonen. Første del av boka gjer greie for profesjonsetikk generelt, for etiske nøkkelomgrep, teoriar og tenkjemåtar. Her blir også metodar og framgangsmåtar for etisk refleksjon presenterte. Andre del av boka tek for seg profesjonsetiske tema for sosialarbeidarar spesielt. Her blir forholdet mellom etikk, juss og politikk drøfta, og spennet mellom det beste for brukaren og oppdraget frå samfunnet blir analysert. Boka presenterer fleire aktuelle case og viser korleis ein kan arbeide med etisk refleksjon for å komme fram til gode handlingsval i desse situasjonane.

INGRI-HANNE BRÆNNE BENNWIK er høgskulelektor og doktorgradsstipendiat ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo.

TURID MISJE er høgskulelektor ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo.

EINAR AADLAND er dosent emeritus ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo.

Ingri-Hanne Brænne Bennwik

Du likar kanskje desse

Sist sett på