Profesjonsetikk for politiet

Einar Aadland | Geir Heivoll |
Hefta | Sidetal: 215 | ISBN: 9788252195064

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price349 kr
Det finst ei rekkje forventningar og krav til korleis politirolla skal utøvast, oppfatningar om kva som er godt og dårleg politiarbeid. Det er desse spørsmåla om kva som er rett og god utøving av politirolla denne boka handlar om. Boka gir ein introduksjon til etikk i politiprofesjonen; kva samfunnet forventar av politiet, korleis politibetjenter kan innfri desse forventningane, og kva som kan skje om dei ikkje gjer det.

I første del av boka blir det gjort greie for profesjonsetikk generelt; for etiske nøkkelomgrep, teoriar og tenkjemåtar. I andre del av boka ser ein på politiets rolle i samfunnet, og kva etiske tema, utfordringar og problem som pregar politiprofesjonen. Gjennom heile framstillinga blir dette illustrert med praktiske eksempel frå politikvardagen der studentane blir oppfordra til å reflektere over etiske problemstillingar.

Einar Aadland (f. 1950) er dosent emeritus ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo. Han er tilknytta mastergradsprogrammet i «Verdibasert ledelse», og har publisert bøker, artiklar og forskingsrapportar innanfor områda etikk og verdiar, organisasjonskultur, vitskapsteori og leiing.

Geir Heivoll (f. 1974) er ph.d. og førsteamanuensis ved Politihøgskolen. Hans arbeidsfelt er politi, myndigheit og makt i den demokratiske rettsstaten, med særleg vekt på politirettslege emne, skjønnsutøving og forholdet mellom rett og moral i politiarbeidet.

Sitat frå melding

Geir Heivoll

Du likar kanskje desse

Sist sett på