Organisert velferd: organisasjonskunnskap for helse- og sosialarbeidarar
Boka gir ei innføring i organisasjonskunnskap og er retta mot helse- og sosialfaga.
Etter ein introduksjon til organisasjonsteori, gjer forfattarane greie for kva som kjenneteiknar organisasjonar i offentleg, privat og frivillig sektor. Vidare presenterer dei ulike teoretiske perspektiv på korleis organisasjonar fungerer, og korleis dette kan påverke arbeidskvardagen til tenesteytarar i denne sektoren.
I boka gjer forfattarane også greie for nyare reformer i offentleg sektor og korleis dei verkar inn på organisasjonsutforminga. Her ligg hovudvekta på NAV-reforma, der sosialtenesta, Aetat og trygdeetaten vart slått saman. Forfattarane tar for seg hovudtrekka ved denne reforma, kva styringsideal ho byggjer på, og korleis reforma er evaluert i ettertid. Den nye samhandlingsreforma, gradvis iverksett frå 2012, blir gjort greie for i eit eige kapittel.
Til slutt i boka tar forfattarane for seg samarbeid mellom det offentlege og frivillige organisasjonar, og gir ei nyttig oversikt over dei viktigaste frivillige organisasjonane.
Den nye utgåva er gjennomarbeidd språkleg og nedkorta med større vekt på det praktiske. Delane om den nye samhandlingsreforma og erfaringane med NAV er nyskrivne.
Alf Roger Djupvik
(f. 1960) er førsteamanuensis ved Avdeling for samfunnsfag, Høgskulen i Volda. Djupvik underviser i stats- og kommunalkunnskap, planleggingsteori og organisasjonsteori.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO