Risten veks opp i Danmark med sin norske far, Knut, og si danske stemor, Grethe. Heime i Noreg sit Ristens samiske mor, Rihtta. Risten får etter kvart namnet Kirsten og gløymer det meste av livet i nord - bortsett frå forteljingane om dei underjordiske som ho fekk høyre av si læstadianske bestemor, Áhkku.
Kirsten er ofte så redd om kveldane at ho ikkje får sove, og ho ber dei kvenske bønene Áhkku lærte henne. Grethe og Knut er for opptatt med andre ting til å bry seg med Kirstens kvalar - for eksempel har Grethe ein god del hundar ho må mate, og fem vietnamesiske båtflyktningar i kjellaren. Etter kvart finn Kirsten trøyst i venskapen ho utviklar til den vietnamesiske guten Niels. Og som vaksen reiser ho tilbake til Noreg for å finne ut meir om kvar ho kjem frå.
«Og sånn blei det» er ei barndomserindring om å bli trekt opp med rota. Med sitt sedvanlege skråblikk og glimt i auget fortel Maren Uthaug om familieløyndommar, overtru og forboden kjærleik.
Til norsk ved Ingvild Holvik.
Sitat frå melding
["«Maren Uthaug er en mester i å balansere grove
kroppslige beskrivelser mot vare skildringer av vennskap og lojalitet. Språket er veldig direkte
ofte med kontante vittigheter som er finstemt videreformidlet i oversettelsen.» - Inger Bentzrud
Dagbladet "
"«Dette er ei soge om omsorgssvikt
men fullstendig usentimental
ikkje minst på grunn av dei kløktige innslaga av ramsalt
svart humor. [...] Jamt over er Og sånn blei det ei så medrivande forteljing at ein kjenner at ein berre må lese meir av denne forfattaren
om ein ikkje alt har gjort det.» - Hilde Vesaas
Dag og Tid "]
Bla-i-boka
Maren Uthaug
Maren Uthaug(f. 1972) er halvt samisk, med røter på Trøndelagskysten og i Kautokeino, og flytta til Danmark som åtteåring. Ho har gitt ut ei rekke satiriske teikneseriebøker og teiknar den daglege stripa i Politikens kulturseksjon. I 2013 debuterte ho som romanforfattar og har sidan mottatt DR Romanprisen, Otto B. Lindhardt Prisen og Læsernes Bogpris. 11 % er den fjerde romanen hennar, for boka fekk Uthaug den danske bokhandlerprisen De Gyldne Laurbær.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO