Ny amerikansk poesi
Denne boka presenterer åtte unge, tonegivande samtidspoetar som har vakse opp i dagens USA etter 11. september 2001. Denne generasjonen lèt seg ikkje så lett setje i bås. Dei speglar alle tida dei lever i, men tek opp i seg element frå ulike tradisjonar og stilretningar, frå hiphop og slam til meir akademisk og essayistisk orientert poesi. Det handlar om både kjønn, rase og identitet, på måtar som tilfører dikta ein politisk brodd. Dikta i utvalet spenner frå 2011 til 2016, med ei klar hovudvekt på dei siste par åra.
Dei som bidreg i antologien, er: Brandon Brown, gjendikta av Frode Grytten, Kate Colby, gjendikta av Rune F. Hjemås, Corina Copp, gjendikta av Hilde Susan Jægtnes og Joanna Rzadkowska, Paul Legault, gjendikta av Leif Høghaug, Monica McClure, gjendikta av Linn Strømsborg, Danez Smith, gjendikta av Kristin Fridtun, Ocean Vuong, gjendikta av Mathias R. Samuelsen og Sara Wintz, gjendikta av Kristina Leganger Iversen.
Boka er ein del av Samlagets gjendiktingsserie av ny poesi.
Meldingar
«Etterlengtet og velkomponert gjendiktning av nyere amerikanske dikt. Og et kjærkomment kikkhull inn til samtidens kanskje mest innovative poesiscene».
Arne Hugo Stølan, VG
«En antologi med åtte amerikanske samtidspoeter i starten av sitt forfatterskap som skildrer dagens USA. Viktige temaer er kjønn, rase, identitet, politikk, kjærlighet og sorg. Denne samlinga viser også at mange av de sentrale stemmene i amerikansk samtidspoesi kommer fra skeive miljøer og at poesi er en foretrukken kunstform innenfor skeiv aktivisme. Hver poet er gjendikta av en norsk forfatter som deler likheter med dem, noe som viser til en gjendikting der ikke bare språket, men også stemmen bak diktet blir tatt på alvor. Vil særlig anbefale Danez Smith sine dikt, gjendikta av Kristin Fridtun, som blant annet tar for seg rasistisk politivold og Black Lives Matter-bevegelsen.»
Anna Cipollini Hassel, Subjekt
Mathias R. Samuelsen
Mathias R. Samuelsen (f. 1985) er forfattar og gjendiktar. Han debuterte i 2009 med diktsamlinga Utredning om trengsel. Forutan tre eigne diktsamlingar har han blant anna gjendikta Gary Snyder og Ocean Vuong. I 2022 kom debutromanen Schonung. Saman med Rune F. Hjemås var han redaktør for Ny amerikansk poesi (2018). I 2024 kom band nummer to.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO