Norsk historie etter 1905: vegen mot velstandslandet
Dette er den fjerde og siste boka i det nye historieverket til Samlaget. Bandet dekkjer tida etter unionsoppløysinga i 1905. I denne perioden har Noreg hatt ein sterk velstandsvekst. Ein viktig tråd i framstillinga er å vise korleis dette har gått til, ikkje minst korleis internasjonale tilhøve har lagt rammer og føringar for norsk utvikling. Næringar retta mot sjøen har vore sentrale gjennom heile perioden, og utanrikspolitikken har heller søkt tilknyting vestover enn sørover mot kontinentet. Noreg har også utvikla ein høg grad av sosial tryggleik og eit lågt spenningsnivå jamført med andre land, og drøftinga av dei politiske, sosiale og kulturelle tilhøva som har gjort dette mogleg, får brei plass i framstillinga. Det blir òg drøfta i kva grad okkupasjonsåra 1940 til 1945 var meir enn ein parentes i historia.
Ola Svein Stugu
Ola Svein Stugu (f. 1947) er professor emeritus ved Institutt for historiske studium ved NTNU. Han har særleg arbeidd med by- og regionhistorie og historiedidaktikk og har mellom anna skrive Kunnskapsbyen. Trondheims historie (1997), Historie i bruk (2008) og Norsk historie etter 1905 (2018).
Litterære prisar
Nynorsk fagbokpris 2009
Nynorsk fagbokpris 2009 frå Skuleboknemndi åt Studentmållaget i Oslo og Det Norske Samlaget for verket Norsk historie frå dei eldste tider til i dag
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO