Norsk historie 1536-1814: vegar til sjølvstende
Samlagets historieverk har vore det mest brukte historieverket ved universitet og høgskolar dei siste åra. Det andre bandet i denne utgåva dekkjer perioden frå reformasjonen i 1536 til og med 1814 med Noreg som del av den dansk-norske staten. I den politiske historia blir det lagt vekt på den nordiske maktkampen og utviklinga av eineveldet, med vegen fram til norsk sjølvstende i 1814 som overordna perspektiv. Innanfor denne ramma blir befolkningsutvikling, næringsutvikling, sosiale og kulturelle forhold drøfta. Landet opplever ein uavbroten folkeauke, vi får nye næringsvegar og økonomisk vekst, statsapparatet blir utbygd og ein ny elite veks fram. Til slutt drøftar forfattaren dei store samanhengane i perioden, utviklinga av ein norsk nasjonal identitet, og samanhengen mellom den store folkeauken og næringsutviklinga.
Ståle Dyrvik
er professor i historie ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap ved Universitetet i Bergen. Arbeidsfeltet hans er tidleg moderne tid, og han har ein stor og allsidig produksjon å vise til, td. Norsk økonomisk historie 1500–1850 (1979), Historisk demografi (1983), Norsk historie 1625–1814 (1999), Den demografiske overgangen (2004) og Året 1814 (2005).
Litterære prisar
Nynorsk fagbokpris 2009
Nynorsk fagbokpris 2009 frå Skuleboknemndi åt Studentmållaget i Oslo og Det Norske Samlaget for verket Norsk historie frå dei eldste tider til i dag
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO