Motstraums: Senterpartiets historie 1959-2000: bd. 2

Roar Madsen |
Innbunden | Sidetal: 384 | ISBN: 9788252154351

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price400 kr
Denne boka handlar om Senterpartiet gjennom gode og dårlege tider frå namnebytet i 1959 til regjeringa Bondeviks fall våren 2000. I denne perioden vart Senterpartiet radikalt endra ved ei lang rekkje små endringar i organisasjonen, i det politiske interessefeltet og i dei ideologiske synsmåtane. Desse endringane kom som fylgje av ein endringsstrategi frå partielitane, men sentrale samfunnsendringar som urbaniseringa og bruksnedlegginga i jordbruket var viktige pådrivarar. Forfattaren fylgjer partiet i organisatorisk og politisk-ideologisk utvikling, maktstrategi og praktisk politikk gjennom framgangstida til tidleg på 1970-talet, den fylgjande krisetida fram til inngangen av 1990-åra og gjennom dei turbulente 1990-åra. Slik kjem også dei indre spenningane og konfliktane i partiet fram. Boka inneheld mellom anna analyse av Senterpartiets rolle i EF/EEC/EU-sakene frå saka fyrst kom opp tidleg på 1960-talet til partiet sat i regjeringa Bondevik etter valet i 1997. Størst vekt er det lagt på å etablere ei forståing av dei to klåre fornyingsregima i den nyare partihistoria . det Bortenske og det Lahnsteinske partiregimet. Trass i at partiet har hatt mange regjeringsdeltakingar er det eit gjennomgåande drag at partiet har symd motstraums mot endringar i næringsstruktur og demografi og mot rådande veksthaldningar og europeiske draumar i dei urbane elitane. Forfattaren trekkjer òg lange liner gjennom partihistoria heilt attende til Bondeparti-perioden.

Du likar kanskje desse

Sist sett på