Men ikkje Maria: roman

Erlend Kaasa |
E-bøker | Sidetal: 363 | ISBN: 9788252197792

Pris:
translation missing: nn.product.general.sale_price179 kr
Om å leve i bulderet frå undergangen.

Familielivet har ikkje alltid vore eit opplagt val for Palle. Men no er han her, med kona Gro og eit lite barn i ein forstad til Bergen. Han har nettopp gått ut i pappapermisjon og ser fram til å vie seg til familielivet og til å bli betre kjent med vesle Dagne. Men like under den kvardagslege overflata ulmar eit fortærande mørke. Gro innleier eit forhold til ein eldre kollega, og snart dukkar også den albanske au pairen Maria opp i livet deira. Gradvis tek ho over Gro si rolle i heimen og får sterke band til barnet og Palle.

«Men ikkje Maria» er ein roman om eit liv som pendlar mellom frelse og undergang. Det er ein roman om begjær, svik, kjærleik og død og om kor ualminneleg vanskeleg det kan vere å leve eit alminneleg, enkelt liv.

Bla-i-boka

Erlend Kaasa

Betaling og personvern

American Express Apple Pay Klarna Mastercard Visa

Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.

Du likar kanskje desse

Sist sett på