& me skal bli omskapte: roman

Jostein Avdem Fretland | Mariell Øyre |
E-bøker | Sidetal: 303 | ISBN: 9788252183757

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price329 kr
Under ein luftballong, i ein butikkvegg i Covent Garden, ligg det eit brev til Jakob Hov. Han er chocolatier i Paris og arveprins i familieverksemda, men når gamalonkelen hans døyr, lyt han til London og ta imot ein arv han ikkje har bedt om. Der treffer han Lucy, tremenningen han nesten hadde gløymt, men som slett ikkje har gløymt han. Og så er det Grace, som bur på loftet over butikken, utan at nokon heilt veit kven ho er.

På nokre dagar blir alt snudd på hovudet, og Jakob finn ut at det ikkje berre er dei levande som har sterke meiningar om kva han bør gjera med livet sitt.

& me skal bli omskapte er forteljinga om vestlendingen Jakob og sjokoladebutikken han startar i London. Det er ei forteljing om familieband med lange skuggar, kjærleik som råkar hardt, og den vanskelege kampen for å få bestemma over sitt eige liv.

Meldingar

Mariell Øyre

Du likar kanskje desse

Sist sett på