Linnés dystre lærdom: kriminalroman

Lars Mæhle |
E-bøker | Sidetal: 333 | ISBN: 9788252186116

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price329 kr
Ein invitasjon til klassetreff gir nytt liv til eit av Ina Griegs fortrengde mareritt. Då ho voks opp forsvann ei 14 år gammal jente, Sonja Lerdahl, på gåtefullt vis.

Mistanken blei retta mot Tom Kaser, ein 19-åring kalla «botanikaren». Men noko lik blei aldri funne, og han blei aldri tiltalt.

For Ina blir klassetreffet eit høve til å nøste i trådar: Kva skjedde med Sonja? Var det Tom Kaser som bortførte og drap henne? Eller er Sonja framleis i live?
Linnés dystre lærdom er ein nervepirrande krim om det eine, avgjerande augeblikket som brått snur opp ned på alt. Boka er den andre boka i serien om Ina Grieg, tobarnsmor, kickboksar og psykolog. Den første boka i serien, Den mørke porten, er selt til Italia og Tyskland.


Linnés dystre lærdom er oppfølgjaren til Den mørke porten (2013).

Lars Mæhle

Du likar kanskje desse

Sist sett på