Liljene på stranda: roman
Romanen krinsar om dei ulike versjonane av forteljingane vi omgir oss med. Kan ein i det heile stole på minnet - og på kvarandre? Brutalt og usentimentalt utforskar Kleiva det å bli eldre, døden og det svikefulle minnet.
Meldingar

«Liljene på stranda er en sober og vakker roman om livet, om det som består og det som forsvinner».
Maya Troberg Djuve, Dagbladet
«Rønnaug Kleiva skriv klokkereint, utan å sentimentalisere [...]. Ho er noko for seg sjølv i den norske bokheimen».
Vidar Kvalshaug, Bok365
«Liljene på stranda er ein god roman om minne, aldring, kjærleik og identitet ... Både boka og hovudpersonen hjå Kleiva har karakter, endåtil karakteren Særs godt. Då er det ikkje så farleg med minnet».
Odd W. Surén, Dag og tid
Rønnaug Kleiva
Rønnaug Kleiva (f. 1951) er forfattar, dramatikar og barnebokforfattar frå Vartdal på Sunnmøre. Ho debuterte i 1985 med diktsamlinga Animasjon, og har seinare gitt ut over 20 bøker i forskjellege sjangrar for vaksne og barn. For Plutseleg no fekk Kleiva i 1990 Noregs mållags barnebokpris. Ikkje gløym å klappe katten blei prisa med både Kritikarprisen for barne- og ungdomsbøker og Kulturdepartementets barnelitteraturpris i 1997. I tillegg har Kleiva fått Samlagsprisen (1998) og Sigmund Skard-stipendet (2003). Ho var festspeldiktar under Festspillene i Bergstaden i 2001 og ved Dei nynorske festspela i 2010.
Bøkene til Kleiva er omsette til blant anna gresk, serbisk, russisk, svensk, dansk og fransk. Kleiva er i tillegg med i antologiar på tysk, tsjekkisk og bosnisk, og er representert i fleire norskverk for grunnskule og vidaregåande skule. Rønnaug Kleiva er utdanna cand. mag. med lærarskole, idrett grunnfag og norsk mellomfag. Ho har teke forfattarstudiet i Bø i Telemark, og har fleire års praksis som lærar.
Litterære prisar
Sigmund Skard-stipendet
Sigmund Skard-stipendet for 2003
Samlagsprisen
Samlagsprisen for 1998
Kritikarprisen
For Ikkje gløym å klappe katten
Kultur- og kyrkjedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur
For Ikkje gløym å klappe katten
Noregs Mållags barnebokpris
For Plutseleg no
Festspeldiktar 2010
Festspeldiktar under Dei nynorske festspela 2010
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO