Kvotebaronar: privat rikdom - utarma fiskevær
Mange har utpeikt Kjell Inge Røkke og tidlegare fiskeriminister Svein Ludvigsen som agentar for privatiseringa. Men også Arbeidarpartiet og Norges Fiskarlag har eit stort ansvar for ein politikk som har samla kvoter og konsesjonar på stadig færre hender. Havlandet har gått på børsen, kysten er utarma samstundes som eksporten frå Fiskeri-Noreg nærmar seg 100 milliardar i året.
Noreg har som mål å vera «verdens fremste sjømatnasjon», men kva slags fiskeristormakt vil vi bli?
Meldingar
Resulatet er ei imponerande bok. Grytås opnar alle luker i det som for kystfolk , og nasjonen som heilskap, er ein slags adventskalender av toskeskap, griskheit, vankunne, utilsikta konsekvensar, likesæle og feigskap."
Gunnar Grytås
(f. 1949) er forfattar og journalist og har mellom anna arbeidd i Nordlys, Dagens Næringsliv og Fiskeribladet. Han har skrive ei rekkje bøker om fiskeripolitikk og kystkultur. Grytås er også ein av forfattarane av fembandsverket Norges fiskeri og kysthistorie. I 2014 gav Grytås ut den kritikarroste boka Kvotebaronar. Privat rikdom – utarma fiskevær.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO