Krigshistorier
Personane i desse novellene lever i skuggen av dei store hendingane under krigen. Gjennom kronologiske glimt vert brutale krigsscener så vel som daglegdagse bekymringar framstilte nært og levande. Vanlege menneske vert stilt overfor vanskelege val og dilemma. Historiene tematiserer krigens desperate kjensle av usikker framtid, om ein er soldat, flyktning, student, arbeidar - eller berre eit barn.
Sitat frå melding
["««Orten avkler karakterane uniformar eller slitte arbeidsklede
og skildrar dei med andedrett
med bein som løper og auger som ser
eller ikkje ser. I dette samlast fleire av litteraturen
og særleg denne novellesamlinga
sine mulegheiter. Mulegheita for a. skildre kva det er a. vere eit menneske.»» - Mette Karlsvik
Romsdals budstikke "]
Øystein Orten
(f. 1962) er oppvaksen og bur i Hareid på Sunnmøre. Orten har skrive fleire diktsamlingar. Orten er kjent for si sterke forteljarkraft og evne til å kombinere historisk kunnskap, menneskeleg innsikt og sosialt engasjement. For kjensla av at det ikkje regnar andre stader enn her (2004) blei han bl.a. kalla ein «ordkunstnar av klasse». Dei tre romanane Livingstones retrett (2003), Vegen til Neverland (2005) og Rabarbrakrigen (2007) utgjer ein slags trilogi om kjærleik, svik og skuld, men også om identitet, håp og gleda ved å høyre til. I 2009 ga Orten ut dokumentarboka Himmelen over Shetland ei spennande bok med historier om motstand og eksil i Noreg under den andre verdskrigen. I 2011 kom novellesamlinga Sjabervik. Orten er utdanna lektor og har hovudfag i historie. Når han ikkje skriv bøker, underviser han i norsk, historie og religion på Ulstein vidaregåande skule.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO