Jakob og Neikob
Jakob og Neikob er to gode venner som bur i lag, men dei er veldig forskjellige. For mens Jakob seier JA til alt, seier Neikob NEI til alt. Kan ein bu saman når ein er så ulike? Og korleis i all verda skal Jakob få Neikob lurt med på biltur når han alltid seier NEI?
Jakob og Neikob er ei humoristisk og surrealistisk forteljing om vennskap, uvennskap og utlandet, genialt illustrert av forfattaren sjølv. Ei herlig forfriskande biletbok! Frå 3 til 100 år!
Meldingar

Kari Stai
Kari Stai (f. 1974) er forfattar og illustratør. Ho har vunne ei rekke prisar, som Brageprisen og Kulturdepartementets debutantpris. Aller mest kjend er Stai for bøkene om Jakob og Neikob. Historiene om desse to blir karakteriserte som moderne barnebok-klassikarar. Dei er omsette til fleire språk og er blitt animasjonsfilm og teater. I 2021 kom ho også med sin første illustrerte roman for barn, Passe happy, som vann Kulturdepartementets illustrasjonspris. I 2022 kom Jakob og Neikob og tidsmaskinen, den aller siste boka om det kjende radarparet.
Litterære prisar
Teskjekjerringprisen 2022
For sitt kunstneriske arbeid for barn
Inderøy mållag sin målpris
For Jakob og Neikob
Kulturdepartementet sin debutantpris
For Jakob og Neikob
Barne- og ungdomsbiblioteket i Stavanger
"Jakob og Neikob - Tjuven slår tilbake" er kåra som beste bok i sin kategori
Brageprisen 2012
"Jakob og Neikob - Tjuven slår tilbake"
Kritikerprisen 2013
for beste barne- og ungdomsbok, ”Jakob og Neikob - Tjuven slår tilbake”.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO