Ei var og brutal forteljing om å vekse opp på internat.
Dette er forteljinga om Elis, Arno, Frans og Máret, som alle må reise frå heimen sin for å leve og bu i utrygge omgivnader på skuleinternat, langt vekk frå familie og omsorgspersonar - og om kor stygt barn kan behandle kvarandre.
I for internatunge er eit innblikk i skulepolitikken i Finnmark på 1950- og 60-talet, då over ein tredjedel av alle barn i fylket frå sjuårsalderen blei plasserte på internat. Internatbygginga var motivert mellom anna av at alle barn skulle ha skulegang, og av ønsket om å fornorske den samiske og kvenske befolkninga.
Solstad har skrive ein roman med vare, sterke og brutale historier om kva det kan gjere med eit menneske å vekse opp under ei slik emosjonell omsorgssvikt.
Meldingar
«et emosjonelt trykk, som får leseren til å ønske mer. [...] Vi aner barna, vi aner de voksne, skjelettene i skapet, sprengkulden i internatet når strømmen går, savnet av familie.»
Fartein Horgar, Adresseavisen
Rakel Solstad
Rakel Solstad (f. 1945) er fødd i Finnmark og bur i Trondheim. Ho debuterte med novellesamlinga Men kva veit vi om barna i 2013, og ho gav ut den andre boka si i 2015, Falle – også det noveller. Ho har arbeidd som lærar og har i mange år vore pedagogisk-psykologisk rådgivar. I for internatunge er Rakel Solstads første roman.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO