Huset i bakken

Liv Gulbrandsen |
Digital lydbok | ISBN: 9788234008719

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price79 kr
Maja, veslesøster Ellen og eg-forteljaren får ikkje julestemning i blokka der dei bur. Ut frå brevsprekkane i dørene høyrer dei berre krangel og støvsuging, og det luktar kattepiss, karri og kjøtkaker. Kven kan få julestemning ein sånn stad? Då er det annleis med huset i bakken. Der skin det frå julestjerner i vindauga og julelys i hekken, i det huset må det bu snille folk som veit korleis ein feirar skikkeleg jul. Men kva skjer når dei ringer på døra i huset i bakken? Er det eigentleg så gale med kjøtkakelukt og støvsugelyd? Liv Gulbrandsen har skrive ei herleg, humoristisk og litt sår historie der alt som glitrar, ikkje nødvendigvis er gull.
Publisert i Barnas Juleroser i 2021.

Du likar kanskje desse

Sist sett på