Historia om det nye namnet: unge år: roman

Elena Ferrante |
Hefta | Sidetal: 573 | ISBN: 9788252190236

Pris:
translation missing: nn.product.general.sale_price199 kr
Den intense historia om eit vennskap som rommar kjærleik og hat, beundring og sjalusi

Historia om det nye namnet byrjar der Mi briljante venninne sluttar, med at seksten år gamle Lila gifter seg med kjøpmannen Stefano Carracci. Lila innser at ho ikkje kjenner mannen ho har gifta seg med, og ho opplever ekteskapet som eit fengsel.

Ein sommarferie på Ischia blir ein erotisk vekkar for Lila, men samstundes set ho
vennskapet med Elena på ei alvorleg prøve. Livet til dei to venninnene held fram i kvar si retning. Studia fører Elena ut av det gamle livet, til ein annan by og eit anna miljø, medan Lila må ta eit val for å redde seg sjølv, og får livet snudd på hovudet.

Historia om det nye namnet er ein roman om to kvinners kamp for å realisere seg sjølv i 60-talets Italia, før ungdomsopprør og kvinnefrigjering. Ein roman om eit vennskap som rommar kjærleik og hat, beundring og sjalusi, men som er så sterkt at ingen av dei to kvinnene er heilt seg sjølv utan den andre.

Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.

Meldingar

Bla-i-boka

Elena Ferrante

Betaling og personvern

American Express Apple Pay Mastercard Visa

Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.

Du likar kanskje desse

Sist sett på