Galskap og eventyr: ei bygd og ein barndom

Åshild Ulstrup |
Innbunden | Sidetal: 166 | ISBN: 9788252188097

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price429 kr
Ei reise tilbake til barndommen

For 63 år sidan reiste Åshild Ulstrup frå heimbygda Valen i Sunnhordland. Sidan har Oslo vore heimstaden hennar. I erindringsboka Galskap og eventyr går Ulstrup tilbake til ein uvanleg barndom i ei bygd med eit mangfald av liv og lagnader, landskap og opne dører.

Ho som sjølv gjennom eit langt journalistliv har fått både gamle og unge i tale, fått dei til å opne seg, snakke om livet, om draumar og håp, fortel her om sin eigen oppvekst. I bygda var asylet eit naturleg midtpunkt. Mange av pasientane tok del i livet i bygda, og bygda tok del i deira.

Ulstrup fortel ei soge om ei nær fortid, eit blikk inn i ei tid og eit samfunn som ikkje lenger er. Eit samfunn med opne dører og plass til dei som både er innanfor og utanfor normene.

Bla-i-boka

Åshild Ulstrup

Du likar kanskje desse

Sist sett på