Fuck off I love you
"Fuck Off. I Love You" er ei sterk og spennande forteljing som tar opp viktige spørsmål: Kor mykje kan vi styre liva våre? Kva gjer vi ut frå fri vilje? Og kva blir bestemt ut frå faktorar vi ikkje kan rå over? Men boka er også ei forteljing om kjærleik, om familie og venner - og om å prøve å finne fast grunn under føtene. Vemund er ein vanleg 16-åring. Han har venner. Han er forelska. Likevel viklar han seg inn i eit usunt miljø rundt eit treningssenter. Kvifor? Leiaren i gruppa, Two-Face, er ein fascinerande, men skremmande skikkelse. Han avgjer alle vesentlege vegval med myntkast: På den eine sida av mynten står det "I Love You". Da blir valet godt. På den andre sida står det "Fuck Off". Da blir handlinga vond ...
Meldingar
"Eg la ikkje vekk boka før eg hadde lese ho ut. Og det enda IKKJE slik som eg hadde trudd! Det er det beste. Boka er skriven på vakkert og lettfatteleg nynorsk … LES DEN!"
"Det er mye godt å si om Lars Mæhles bok, ikke minst at den er svært spennende …"
"Språket er drivande, forteljinga er spanande med ein riktig overraskande slutt. Trass i det noko knappe omfanget, kjem kvar av personane tydeleg fram. Personskildringane er levande, og Two-Face er så skummel at ein får frysningar."
"Boka er utrolig fin – Lars Mæhle skriver så godt at jeg blir helt rar."
"Dette er boktipset til alle ungdommar som les Norsk Barneblad. Har du først begynt å lese Fuck Off I Love You, kan du ikkje legge ho frå deg."
"Eg likar godt korleis Mæhle i boka stiller spørsmålet om kva grunnlag ein treng for å kunne ta dei rette vala i livet, og motsett, kva som kan føre til at ein tek det aller første dårlege valet …"

"Mæhle har skrevet en viktig ungdomsroman som kan anbefales på det varmeste."
"Lars Mæhle (har) et sikkert og bilderikt språklig grep om stoffet, og risser opp miljø og personer presist og troverdig. At forfatteren evner å bygge spenning, er det heller ingen tvil om."
Lars Mæhle
Lars Mæhle (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn, unge og vaksne og har fått Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok, Uprisen og Fabelprisen.
Han debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper'n til Liverpool (2010), er basert på denne boka. Narnia-draumar (2005) er ein frittståande oppfølgjar til denne romanen. Fantasyromanen Landet under isen (2009) markerte eit gjennombrot for Lars Mæhle. Denne fekk han Kulturdepartementets litteraturpris for beste barn- og ungdomsbok, og vart dessutan nominert til Brageprisen og Ungdommens Kritikerpris. Her tek forfattaren i bruk element frå kriminalforteljinga, samtidig som innsikt i dei tre store verdsreligionane jødedom, kristendom, islam står sentralt.
Med krimserien om psykolog og kickboksar Ina Grieg har Lars Mæhle etablert seg som ei ny, sterk stemme blant nordiske krimforfattarar.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO