For ope hjarte: noveller
Vi møter menneske i ulike samfunnslag og livssituasjonar, to kvinner og fem menn - som alle ber med seg ei eller anna form for sorg eller einsemd, og som no gjer eit forsøk på å opne seg for andre. Gavalda viser nok ein gong at ho har eit eige tak på å skildre menn. Ei gripande, humoristisk og særeigen bok, i eit finurleg og usentimentalt språk frå forfattaren av Saman er ein mindre aleine. Boka var kortlista til The Grand Prix of Literary Associations i 2017.
Meldingar
Steinar Sivertsen, Stavanger Aftenblad
Et gjennomgående motiv her er nettopp åpning av dører, gjerne for fremmede, en marginal handling av livreddende betydning. Originaltittelen fendre l’armur betyr å kløvye rustningen, men også kløyv rustningen, en oppfordring til karakterene, men også leserne, antar jeg: Slipp andre inn! Med servering av livskunst light i et uhøytidelig språk finner Gavalda et stort publikum – «Saman er ein mindre aleine» (på norsk i 2005) solgte overveldende to millioner eksemplarer. På en svært lettlest måte kan hun levere sterke skildringer av folk med ulik klassebakgrunn.
Elin Kittelsen, Klassekampen
Frå ganske mørke stader lyder sju røyster, imponerande klåre og ulike, men med ei felles undertone av einsemd og rotløyse. Livet har ikkje akkurat leika venleg med desse menneska, men i kvar av novellene let forfattaren ei strime av lys og glede bryte inn. Eller ut. [...] Tove Bakke har ei eiga evne til å smelte originalspråket inn i nynorsken sin, slik at ein kjenner heten frå Gavaldas store språkpasjon.
May Grethe Lerum, BOK365
Anna Gavalda
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO