Flukta til Finnmark: 1800-talet

Kathrine Nedrejord
Hefta | ISBN: 9788234006371

Pris:
translation missing: nn.product.general.sale_price249,00 kr
Forventa i sal: 11.10.2021

Skildring

Masseflukt og fornorskingspolitikk

I siste halvdel av 1800-talet blei Finland ramma av eit elendig klima og ei rekke uår som tvinga tusenvis av menneske på flukt over grensa til Noreg. Mange av dei enda opp i Troms og Finnmark: Ein av dei var forfattaren sin tippoldefar, Isak Martimo Gaski. Da mora døydde og faren blei aleine med ungane, var han i likskap med mange andre familiar tvinga til å overlate dei tre ungane til ulike familiar på den andre sida av grensa. Åtteåringen Isak blei sett bort til ein samisk familie i Tana-området, til ein heim og ein kultur som var heilt ukjend for han.

Kathrine Nedrejord tek for seg masseflukta til Noreg, og særleg skjebnen til finske barn og ungdommar som fekk nye heimar. Korleis gjekk det med dei? Og korleis blei moderlandet Finland prega av denne masseflukta? Nedrejord fortel historia om korleis eit barn som opplevde store tap, klarte seg. Isak Martimo Gaski blei ein del av det samiske samfunnet i Tana, fekk barn og familie og blei velintegrert i ein minoritet, men han bar med seg bakgrunnen sin resten av livet. Masseinnvandringa frå Finland fekk større konsekvensar politisk: Det blei starten på fornorskingspolitikken, som har prega
det samiske folket gjennom heile det førre hundreåret og fram til i dag.

Boka er ein del av Samlagets serie KRISETID - bøker om verdas historiske kriser skrivne av nokre av våre fremste fagfolk.

Kathrine Nedrejord

Betaling og personvern

American Express Apple Pay Klarna Mastercard Visa

Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.

Du liker kanskje også

Sist sett på