Pris:
translation missing: nn.product.general.sale_price249,00 kr
Forventa i sal: 11.10.2021

Skildring

Korleis var det for jødane å komme heim til Noreg etter krigen? Folkemordet på jødane er ei av dei mest ekstreme og brutale hendingane i verdshistoria. Korleis såg tida etter ein slik fundamental katastrofe ut? I denne boka undersøker historikar Ingjerd Veiden Brakstad korleis det var for jødane å komme attende til Noreg etter frigjeringa i 1945. Dei norske jødane hadde mista alt og skulle nå forsøke å skape seg eit liv igjen i ruinane av det gamle. Mange var åleine igjen, alle hadde dei mista nokon. Og for dei som kom heim, var det slett inga sjølvfølge å snakke om det som hadde hendt dei.

Forfattaren tek utgangspunkt i Holocaust sine etterverknader i Noreg, men set også den norske folkemordshistoria i eit vidare perspektiv. At nordmenn har vore offer for, men også deltatt i, folkemordet på dei europeiske jødane, står framleis som eit av dei mørkaste punkta i historia vår og et seg vanskeleg føre inn i ei oppbyggeleg nasjonal forteljing. Boka fortel om korleis vi som samfunn har strevd med å relatere til Noreg som stad og nordmenn som offer for folkemord.

Ingjerd Veiden Brakstad (f. 1979) er historikar med folkemord som spesialfelt. Ho arbeider særleg med spørsmål knytte til tida etter folkemord og korleis ugjerninga blir forstått og skildra av fjerne og nære tilskodarar - i både samtid og ettertid. Brakstad er frå Trondheim og har doktorgrad frå NTNU. Ho har jobba ved Universitetet i Oslo og er i dag tilsett ved HL-senteret.

Betaling og personvern

American Express Apple Pay Klarna Mastercard Visa

Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.

Du liker kanskje også

Sist sett på