Etter folkemordet: 1945-

Ingjerd Veiden Brakstad |
E-bøker | Sidetal: 121 | ISBN: 9788234006449

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price249 kr
For å forstå oss sjølve og tida vi lever i, må vi også forstå historia. I pamflettserien Krisetid fortel nokre av dei fremste fagfolka i landet korleis menneska har opplevd og takla kriser tidlegare. Som bøkene viser, er historia full av elende og vondskap, men også lys og håp.

Ved frigjeringa våren 1945 var dei norske jødane i ein særeigen situasjon. Dei hadde ikkje tapt krigen - men så mykje meir. Før okkupasjonen bestod den jødiske minoriteten i Noreg av rundt 2100 menneske. Ved folketeljinga i 1946 blei det registrert 559 jødar. 230 familiar var fullstendig utsletta. I tillegg til dei enorme menneskelege tapa var jødane fråtekne leilegheiter, hus, forretningar og alle personlege eigedelar. Tanken var at dei aldri skulle vende tilbake.

I "Etter folkemordet 1945-" undersøkjer Ingjerd Veiden Brakstad korleis det var for jødane å komme attende til Noreg etter frigjeringa. I ei tid prega av sorg, uvisse og sakn skulle dei bygge opp livet sitt igjen frå grunnen. Også forholdet til storsamfunnet kunne vere ei utfordring - eit storsamfunn som streva med å handtere dei særeigne erfaringane til den jødiske minoriteten. Og som ofte feila.


Ingjerd Veiden Brakstad (f. 1979) er historikar med folkemord som spesialfelt. Ho arbeider særleg med spørsmål knytte til tida etter folkemord og korleis ugjerninga blir forstått og skildra av fjerne og nære tilskodarar - i både samtid og ettertid. Brakstad er frå Trondheim og har doktorgrad frå NTNU. Ho har jobba ved Universitetet i Oslo, HL-senteret og er i dag forskar ved Falstadsenteret.

Bla-i-boka

Ingjerd Veiden Brakstad

Du likar kanskje desse

Sist sett på