Klassisk forviklingshistorie med alvorlege undertonar
Tvillingane Amund og Amanda skal på ferie til besteforeldra på Sørlandet. På toget finn dei ut at dei vil bytte namn og klede. Amund skal bli Amanda, og Amanda skal bli Amund. Guten skal bli jente, og jenta skal bli gut. Dei skal late som dei er kvarandre, eit eksperiment som berre skal vare ein kveld. Men så får dei uventa besøk som ikkje gjennomskodar spøken, og då blir det vanskeleg å byte tilbake ...
Eksperimentet er ei spennande forteljing om eit tema som opptek mange barn: Fantasien om å vere motsett kjønn.
Meldingar
"Komisk og pikant dramatisering av ulike forventninger. Harald Nortun (…) har med sin fjerde barnebok levert en velskrevet og poengtert bok om kjønnsroller og identitet."
Morten Olsen Haugen, Aftenposten
"«Eksperimentet» er en bok som kan anbefales som en drivende god fortelling om et meget viktig tema. Boken bør også kunne fungere som et viktig diskusjonsgrunnlag mellom barn og voksne."
Endre Ruset, Romsdals Budstikke
Harald Nortun
Harald Nortun (f. 1972) er utdanna litteraturvitar og har arbeidd som lektor ved NTNU. Han debuterte som forfattar med romanen Røverskogen i 2006. I 2015 gav han ut ein kritikarrost roman for barn, Eksperimentet, som er omsett til fire språk, blant anna fransk og nederlandsk. I 2019 blei barneromanen Blå flaggermus nominert til Brageprisen.Nortun er busett i Trondheim
Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO