"Eg har berre ein negativ merknad etter å ha storkost meg med Blix-biografien: Det er synd det ikkje finst sjutal på terningen!"
Paul Odland, DagenMagazinet
"Det er meisterleg gjort, ikkje mindre enn eit kunststykke, å få den store mengda av nye opplysningar til å føye seg inn i eit stort heilskapsbilete, utan at framstillinga løyser seg opp i fragment og digresjonar og utan at det kjem trøyttande oppattakingar"
"Anders Aschim har skrive ein uvanleg god biografi om Elias Blix"
Erik Kjebekk, Tidsskriftet Fast Grunn
"Anders Aschims biografi om Blix framstår som et imponerende arbeid."
Elin Lindberg, Nationen
"Ei kort bokmelding kan på ingen måte gjere boka eller forfattaren rett. Fordi Elias Blix Ein betre vår ein gong var ei så lystfylt lesaroppleving for meg, kan eg ikkje rå andre til å lese boka på ein meir overtydande måte enn ved å ønskje meg fleire bøker frå Anders Aschims hand."
"Det er samla sett eit solid arbeid Anders Aschim har levert"
Hallgeir Elstad, Norsk Teologisk Tidsskrift
"Med denne biografien har Blix fått eit monument han fortener."
Jan Inge Sørbø, Stavanger Aftenblad
"Anders Aschim, som selv er teolog og bibeloversetter, har gjort et svært godt arbeid med denne boken - helt på høyde med hva våre beste biografer presterer."
Sten Inge Jørgensen, VG
Anders Aschim
Anders Aschim (f. 1958 i Tromsø) er teolog med tilleggsutdanning i musikkvitskap og hebraisk. Han har vore kyrkjelydsprest, er for tida bibelomsetjar i Det Norske Bibelselskap og medarbeidar i «Bibel 2010», ein fullstendig revisjon av bibelomsetjingane til bokmål og nynorsk. Anders Aschim har mellom anna gitt ut barneboka Hemmeligheten i hulen. En fortelling om Dødehavsrullene (Verbum, 1999).
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO