Eg et før eg kjem: dikt

Kari Anne Bye |
E-bøker | Sidetal: 204 | ISBN: 9788234002540

Pris:
translation missing: nn.product.general.sale_price199 kr
Frustrert Tinder-kjærleik.

Hovudpersonen i denne leikne og humoristiske diktsamlinga har det eigentleg heilt fint. Heilt til den dagen ho byrjar å sjå menn. Da bryt sjølvsagt helvete laus. Ho lagar seg ein profil på Tinder. Kor vanskeleg kan det vere å finne ein mann ein kan kjenne nærleik til?

Det er trass i alt mange av dei i Tinder-straumen. Men korleis gjer ein gode val i eit hav av ingeniørar, skjematisk posering med sjølvfiska fisk og emoji-rebusar frå dyre-, plante- og mineralriket? Og kva skal til for sjølv å bli vald i ein kortstokk av hjartedamer?

Kari Anne Bye (f. 1983) kjem frå Trondheim. Ho har bakgrunn frå drama og teater og er utdanna historikar frå NTNU. Bye debuterte i 2020 med diktsamlinga Eg et før eg kjem.

Sitat frå melding

Kari Anne Bye

Du likar kanskje desse

Sist sett på