Donna er på veg, og det er ingen veg attende til dit ho kom frå. Ho har vore på ferie på Mallorca der ho møtte José. Ho vart gravid, og når boka startar, er ho alt seks månader på veg. Romanen vekslar mellom forelska tilbakeblikk på sommaren med José og dei harde realitetane heime i Noreg. Donna veit ikkje kva ho skal gjere. Du kan lese meir om Donna og vennene hennar i Stjerna over Bergen og Donna Q av same forfattar, som har skrive fleire bøker for barn og vaksne.
Meldingar
"En kompromissløs tekst om en tenåringsjentes mentale og fysiske vei til å bli mor... Donna er en tøff jente, og Helga Gunerius Eriksen får frem styrken hennes i en tekst som aldri viker tilbake for de mest krevende forsøkene på å gå inn i denne ekstreme opplevelsen. "
Mette Hofsødegård, Aftenposten
"I Eg er på veg skaper hun en vellykket spenning og spennvidde i Donnas karakter gjennom den språklige kontrasten mellom Donnas korte, mutte, motvillige setninger i erkjennelsesprosessen som gjelder graviditeten og nåtiden, og de mer fortellende, reflekterende, dialogiske passasjene hvor hun går gjennom sommerforelskelsens hendelsesforløp."
Inger Østenstad, www.barnebokkritikk.no
"Fortellingen er holdt i et prosalyrisk språk, Donna har synsvinkelen og hele fortellingen er hennes fra innsiden. Det gjør den personlig og tett på. Den er troverdig og ekte .... man får stor sympati og sans for Donna. Det er en stille fortelling om ei steil og sterk jente som prøver å klare seg tross alle odds. Så vi følger henne, hele veien, akkurat som venninnen gjør."
Vera Grønborg Aubert, Vårt land
Helga Gunerius Eriksen
(f. 1950) er frå Stord og bur i Bergen. Ho har skrive over 20 biletbøker, romanar, essay, dikt og forteljingar for barn, ungdom og vaksne og delteke i fleire prosjekt med andre kunstnarar. Gunerius Eriksen debuterte i 1986 med biletboka På stripejakt. I 1991 fekk ho Kritikarprisen for Finn Inga! (beste barne- og ungdomsbok), og i 2003 blei ho, saman med Gry Moursund, tildelt Brageprisen for Flugepapir. Ho var òg nominert til Kritikarprisen 2006 for Eg er på veg, og fikk Samlagsprisen i 2009. Eriksen har skrive to romanar for vaksne – Dersom du (1994) og Rut (2002). Kvadratiske konturar (1998) er ei kortprosa-biletbok for vaksne der Eriksen samarbeidde med Kurt Johannessen. I 2010 fekk Eriksen Ordknappen for Påls reise (2009), ei tilrettelagd bok for lesarar som treng enkel tekst og enkelt innhald. Eriksen er utdanna cand.mag. med faga keramikk og filosofi. I 2013 fullførte ho fordjupingskurs i dramatikk ved Norsk Barnebokinstitutt.
Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO