Eg er eg er eg er: dikt for barn
Gjennom trettini dikt skildrar «Eg er eg er eg er» korleis det er å vere ung og levande. Dikta og kjenslene svingar frå vår til sommar til haust og vinter, og lesaren får vere med på den berg- og dalbanen livet kan vere når ein er ung.
Brageprisvinnar Ruth Lillegraven som har fornya samtidslyrikken for vaksne, viser med «Eg er eg er eg er» at ho verkeleg er ein forfattar som også unge lesarar vil få stor glede av. Samlinga er illustrert av prislønte Mari Kanstad Johnsen. Design: Torill Stranger, Stranger Design.
Meldingar

"Noko av det finaste med dikta i denne boka, er at dei gjev akt på hårfine nyansar. Ho tek barnelivet på kornet - så flyktig, svingande mellom sommarfugldans og sparkesint sorg.(...) Den er ei gåve til både vaksne og born."
Ruth Lillegraven
Ruth Lillegraven (f. 1978) kjem frå Granvin i Hardanger der ho no er busett. Ho debuterte som forfattar i 2005 og har sidan skrive ei rekkje bøker både for barn og vaksne. Lillegraven er mest kjend for diktsamlingane sine, men har òg skrive ein roman, eit skodespel og ein psykologisk thriller, i tillegg til biletbøkene om Mari og Magnus.
I 2013 vann ho Brageprisen for diktsamlinga Urd. For den første diktsamlinga si for barn, Eg er eg er eg er (2016), blei ho nominert til både Brageprisen og Kritikarprisen. To år seinare kom barnediktsamlinga Skogen den grøne (2018), som blei nominert til Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok. Begge desse bøkene er illustrerte av Mari Kanstad Johnsen. No er Ruth Lillegraven aktuell med ein ny detektivserie for barn om klima og miljø, illustrert av Jens Kristensen. Klodeklubben er ein internasjonal suksess, og rettane er selde til Sverige, Danmark, Polen og Færøyane.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO