«Du er ikkje fødd odelsjente», sa Simone de Beauvoir, «du blir det.» Men slik er det ikkje i Gjesdal kommune. Iallfall ikkje på 1990-talet. Tiåret då Noreg fekk ny konge, då Lady Diana døydde, og då det gjaldt å halde på jomfrudommen så lenge som mogleg utan å vere prippen.
To jenter overtar kvar sin gard, og det blir ein kamp om korleis ein skal drifte jorda. Mens den eine utviklar nye sauesortar og sprenger tunellar på alle kantar, synest den andre at det moderne landbruket har gått for langt - ho lanserer tanken om antidrift. Men dette skal vise seg å vere ein farleg idé med alvorlege konsekvensar ikkje berre for henne, men for heile Jæren.
«Du er bonde» er ein fabel om arv, plikt og seksualitet i det moderne landbruket.
Sitat frå melding
«Framstillinga av jentenes seksualitet er ei av dei beste skildringane av ungjenters uendelege kåtskap eg kan hugse å ha lese i nyare norsk litteratur» - Maria Horvei, Vinduet «Å, så godt det gjer å lese ei odelsforteljing med ny giv og nye perspektiv [.] Her ljomar «Brittas fitta» på repeat over campingvognene på lansleiren til Norsk Bygdeungdomslag - i fire dagar til ende.» - Eivind Myklebust, Klassekampen «I Kristin Auestad Danielsens nye roman Du er bonde finst heile spekteret, frå lyst og glede overfor natur og gardsdrift og vilje til nyvinning til djupt mismot overfor så vel odel som moderne landbruk.» - Margunn Vikingstad, Morgenbladet «Danielsen har ei eiga evne til å skrive overraskande og rare setningar som gjer det lett å leve med fråværet av normal, logisk progresjon. Eg er sjølv bonde. Medan eg går ut til traktoren, tenkjer eg at ideen om å plante store tre på landets beste landbru» - Ola Hegdal, NRK «Med «Du er bonde» viser Danielsen til fulle at hun er en romanforfatter å regne med. Dialogen er vittig, men også sår. Her er satirisk samfunnssnert, som hos Marit Eikemo, og rå seksuell ungdommelig kraft, som hos Olaug Nilssen.» - Mari Grydeland, Aftenposten
Bla-i-boka
Kristin Auestad Danielsen
Kristin Auestad Danielsen(f. 1981) er forfattar og dramatikar. Ho debuterte med diktsamlinga Alle i Norge, i tre, i hengekøyer i 2005. Ho har fått oppført teaterstykke i Danmark og Noreg og skrive fleire kritikarroste diktsamlingar. I 2018 kom den første romanen hennar, Vår vesle. Teaterversjonen av Vår vesle blei sett opp på Det Norske Teatret hausten 2018. Du er bonde er hennar andre roman.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO