Domestiserte dyr: ein opera buffa i tre delar

Arild Rein |
E-bøker | Sidetal: 287 | ISBN: 9788234006784

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price329 kr
Feiring av skilsmisse, arv og død

Dei tre monologane i denne romanen krinsar om skilsmisse, arv og død, og måtane slike hendingar på ein paradoksal måte blir markerte på. Ei eldre kvinne talar til ei yngre i kvar del. I «Skilsmissefesten» er det Ekhindra, alle monstrer si mor, halvt slange og halvt menneske, som fører ordet. I «Arvefesten» er det Athene, krigsgudinna, gudinna for rettferdige krigar, som fører ordet. Og i «Makuleringsfesten» er det Mania, dødsgudinne og personifiseringa av galskap, som fører ordet. Alle delane er lagt til det moderne Norge.

Arild Rein (f. 1960) debuterte i 1998 med romanen Hundedagane, første band i «Stavanger-trilogien». Reins kompromisslause og samstundes svært underhaldande tekstar, er kritiske analysar av det norske samfunnet, der han frå stadig nye vinklar går uredd bak fasadane for å undersøke drivkreftene og årsakssamanhengane, og slik lar lesaren stå ansikt til ansikt med råskapen i samfunnet og dei mørkaste avkrokane av menneskenaturen.

Sitat frå melding

Bla-i-boka

Arild Rein

Du likar kanskje desse

Sist sett på