Dette er også Noreg: kommunal feelgood

Jens Kihl |
Innbunden | Sidetal: 154 | ISBN: 9788252194401

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price399 kr
Kommunesamanslåingane har vekt sterke kjensler over heile landet. Journalisten Jens Kihl tok turen til alle landets kommunar for å finne ut kva som ligg bak. Er det fornuft eller føleri?

Gjennom ei reise på kryss og tvers i Noreg, frå Nesseby til Nesodden og frå Nissedal til Nordkapp, møter vi menneske som ikkje berre elskar heimstaden sin, men som er brennande engasjerte i skulen, arbeidsplassane, sjukeheimen og strikkeklubben. Noreg blir litt betre av at dei står på. Vi møter Malin som er lærar på Noregs minste skule på Finnskogen. Vi tek turen til trønderordføraren i Røyrvik, ein stad som har vunne noregsmeisterskapen i fråflytting, men som nektar å gi opp. Vi prøver å finne ut kor mykje Bremanger kommune eigentleg brukte på ein tilflyttingsvideo med Madcon. Vi dreg på strikkekafé i Loppa og på kommunessafari med ordføraren i Hasvik.

Er kommunereforma i ferd med å rasere det som gjer landet vårt bra, eller er det nettopp slik vi kan sikre gode lokalsamfunn for framtida?

Meldingar

Bla-i-boka

Jens Kihl

Du likar kanskje desse

Sist sett på