Å finne trøyst i litteraturen.
Ein vinterdag i 1985 køyrer ei lita jente det grå akebrettet til broren utfor vegen og fell uti sjøen på grunna. Der blir ho liggjande med andletet ned og druknar, berre fem år gammal. Tilbake står ein familie på to vaksne og tre barn. Ingen såg kva som skjedde.
Mange år etterpå nærmar broren seg ulykka gjennom å skrive. Han finn glede og trøyst i å lese. I dialog med litteraturen leiter han etter ei form til skildringa av det som skjedde. Mercedes av Ragnar Hovland opnar noko for han. Hemingway dukkar opp i form av ein katt som krev kald mjølk og gir skriveråd. Ein strandnellik held ein TED-talk om livet på fyret der ute. Tekst for tekst teiknar forfattaren eit portrett av ei øy og ein familie. Gjennom stilsikker sjangerleik og full av kjærleik heidrar han ei lita søster.
Sitat frå melding
«"I sum klarer fortellingene å uttrykke noe helt vesentlig om hva lesing gjennom et liv kan tilføre"» - Ulla Svalheim, Vårt Land ««Lekent, gjennomtenkt og gripende om havet, døden og kjærligheten. [.] Dette er vart og vakkert, liksom lyttende, og gripende uten å påkalle det sentimentale.»» - Sigmund Jensen, Stavanger Aftenblad
Odd Eirik Sætre Færevåg
(f. 1976) kjem frå Røvær. Han debuterte i 2013 med diktsamlinga Dagane grå. Han bur i Haugesund og arbeider som lektor. Færevåg vart tildelt Bjørnsonstipendet i 2022.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO