Dagny gruer seg til den første skuledagen på ny skule. Det blir verre enn venta. Ho vaknar opp til håplause klede, fæl skulemat, uleselege bokstavar på tavla, rampete gutar og jenter som mobbar.
Å ønske seg tilbake til krigen var kanskje ikkje så lurt likevel, tenker Dagny, når tyske soldatar marsjerer utanfor skuleporten og bombene smell over hovudet. Heldigvis har ho mormor si venninne Belinda. Og ho Rikka. Ingunn Røyset har skrive ein gripande barneroman der ei jente frå vår tid blir sendt på ei spennande tidsreise tilbake til eit Noreg i krig i januar 1945.
Meldingar
"Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen formidler dramatikk og hverdagserfaringer fra annen verdenskrig på en måte som både tydeliggjør tidsavstanden og engasjerer. Ved hjelp av et vel utprøvd fortellergrep skaper Ingunn Røyset i sin første barneroman både god historieformidling og en god historie. (…) Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen er virkelig god historieformidling og en spennende, engasjerende fortelling og slik sett svært vellykket."
Inger Østenstad, Barnebokkritikk.no
"Journalist Ingunn Røyset har gjort grundig research og skriv med innleving om kvardagsliv i stikkande ullklede."
Guri Fjeldberg, Bergens Tidende
"Tida går. Vi mistar dei som kan dele eigne opplevingar frå ein barndom i krigsåra med nye generasjonar. Med denne boka kjem lesaren så nært innpå kvardagslivet under krigen som det går an å komme, for ein tiåring i dag. (…) historia er sannferdig og spennande og godt fortald."
Janne Karin Støylen, Nynorskbok.no
"Ingunn Røyset auser av eigne og andres barndomsminne saman med lokal krigshistorie til å sy i saman ein rett lesverdig barneroman om krigen. (…) Visst trengde vi nok ei bok om krigen."
Torill Myren, Sunnmørsposten
"Ein artig vri på historisk formidling til born, er Ingunn Røyset si bok Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen. Fordi vi har 2014-Dagny med oss til tolk og kommentator, skjønar vi 1945-Dagny betre, og ikkje minst: Vi held interessa oppe, og kjenner på samanhangen som er mellom livet då og livet no."
Marianne Lystrup, Vårt Land
Bla-i-boka
Ingunn Røyset
(f. 1965) er utdanna sosionom, make-up-artist og landbruksavløysar og har jobba som sosialkurator, stylist og budeie. Den mangfaldige bakgrunnen har ho dei siste 15 åra brukt i jobben som journalist. Ingunn er opphavleg frå Hareid på Sunnmøre, men bur no på Flø i Ulstein kommune. Ho debuterte med Prins Storm i 2012.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO