Lite kan måle seg med lukta og smaken av heimebakt brød. I boka «Brød, brød, brød» gir den svenske heimebakaren Martin Johansson deg alt du treng for å bake knallgode brød på eige kjøkken. Her får du nærare hundre oppskrifter på harde, mjuke, raske, langsame, lyse, mørke, sure og søte brød, som alle er enkle å bake. Johansson er uvanleg god til å forklare korleis du skal lykkast med bakinga. Han syner deg korleis du kan bake enklare og likevel lage fantastiske brød med smak og karakter. Med hjelp av boka kan du også konstruere di eiga favorittoppskrift.
Bla-i-boka
Martin Johansson
Martin Johansson er ein velkjend svensk heimebakar og brødbokforfattar. Han har gitt ut ei rekkje bøker om brød og skapt bakefeber i nabolandet.
Bøkene Surdeigsbrød og Enklare brød er komne på norsk tidlegare. Brød, brød, brød er den mest omfattande av bøkene hans. Johansson er også mannen bak dei populære og prislønte bloggane Pain de Martin og Lite mer brød. Johansson har motteke ei rekkje prisar for arbeidet sitt.
Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO