Barns utvikling, leik og læring: pedagogisk arbeid i barnehage og skule

Dag Skram |
Hefta | Sidetal: 169 | ISBN: 9788252190472

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price319 kr
Denne boka presenterer nyare syn på leik, læring, lærarrolla og undervisning. Forfattaren tek opp teoriar om leik og læring, og viser korleis ulike syn på barn, barndom og oppdraging har innverknad på læring i skulen. I denne samanhengen blir det særleg lagt vekt på forholdet mellom leik, undervisning og læring. Ei viktig målsetjing i boka er å løfte fram hovudmoment i barnehagepedagogikken i overgangen mellom barnehage og skule. Boka tek elles opp entreprenørskap på barnesteget og drøftar omgrepa yrkesrolle og profesjonskunnskap knytte til lærar- og elevrolla.

Boka er ein ny og omarbeidd versjon av Leik og læring i samspel (2007), tilpassa innhaldet i den nye barnehagelærarutdanninga og kunnskapsområdet «Barns utvikling, leik og læring».

Boka er skriven for studentar i barnehagelærar utdanninga ved dei pedagogiske høgskulane og etter- og vidareutdanning innanfor GLSM, grunnleggjande lese-, skrive og matematikkopplæring.

Dag Skram

Du likar kanskje desse

Sist sett på