{"title":"Alle bøker","description":null,"products":[{"product_id":"selbuvotten-vakre-monster-fra-ein-norsk-strikketradisjon","title":"Selbuvotten: vakre mønster frå ein norsk strikketradisjon","description":"Populær tradisjonsstrikk . Endeleg kjem den første store boka om den vakre og tradisjonsrike selbuvotten! Selbuvotten har halde seg like populær i fleire tiår og blir strikka av stadig nye generasjonar. I denne boka får du vite alt du treng for å komme i gang med å strikke vottar i ulike mønster og fargar. Boka inneheld både kulturhistorisk stoff om dei kjende vottane og ei enkel innføring i strikketeknikken. Over 30 oppskrifter til ulike selbuvottar gir deg framgangsmåten trinn for trinn. Boka er illustrert med fargebilete og mønsterskjema.","brand":"Terri Shea","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36736957120663,"sku":"9788252175226","price":399.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/ALoBC9GswsFTljBcUSJQhDwQ1FGZBzZQ5amSanKu.jpg?v=1716509023"},{"product_id":"barnas-eigne-vitsar","title":"Barnas eigne vitsar","description":"","brand":"Nana Rise-Lynum","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36736958005399,"sku":"9788252178951","price":229.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/u5KY15y6Cu9sXnsBoXRLriSC6pbTurTyjQkyKULm.jpg?v=1716509983"},{"product_id":"norsk-litteraer-arbok-2011","title":"Norsk litterær årbok 2011","description":"NLÅ 2011 oppsummerer litteraturåret 2010 og kommenterer litterære debattemne frå året som gjekk. Årboka inneheld også prøver frå forskingsfeltet. Ho inneheld artiklar om emne som biografi, bibliografi, litterær kvalitet i sakprosaen og digitale tekstar. Dessutan rommar ho lesingar av kjende tekstar og forfattarskap. Tarjei Vesaas. tekstar går igjen i fleire artiklar, men det er òg artiklar om forfattarskapen til ulike forfattarar som Sigurd Hoel, Hanne Ørstavik og Beate Grimsrud.   Heming Gujord er førsteamanuensis i nordisk fagdidaktikk ved Universitetet i Bergen, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Per Arne Michelsen er førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Bergen, avdeling for lærarutdanning.","brand":"Heming Gujord","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36736960004247,"sku":"9788252179415","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/JSFa30L8yN3EuZ0iuemjW2rUVICrz3zV0KvVG47f.jpg?v=1716510013"},{"product_id":"kvalitet-i-opplaeringa-arbeid-i-grunnskulen-observert-og-vurdert","title":"Kvalitet i opplæringa: arbeid i grunnskulen observert og vurdert","description":"Boka Kvalitet i opplæringa handlar om ulike sider ved arbeidet i skulen, slik det kjem fram i ei omfattande undersøking gjennomført av ei gruppe forskarar ved Høgskulen i Volda. Undervisning er observert i eit uvanleg stort omfang. Foreldre, elevar, lærarar og skuleleiarar har teke del i ei omfattande spørjeundersøking. Boka gir eit breitt bilde av verksemda i skulen, av det elevar og lærarar held på med og av korleis dei ulike aktørane vurderer det som går føre seg på mange ulike område. Undervisninga i faga engelsk, matematikk og norsk får særleg merksemd. Forskingsarbeidet gir eit godt grunnlag for å få innsikt i kva skule går ut på. Resultata er sentrale for å vurdere kvalitetane ved skulen, og gir eit utgangspunkt for å diskutere kva som eventuelt bør gjerast for å skape den skulen vi gjerne ville ha. Undersøkinga viser at det er store variasjonar og ulikskapar både innom og mellom skular på dei områda som er undersøkte. Eit heilt sentralt resultat er den store vekta på elevaktive arbeidsformer. Dei gir spesielle utfordringar når det gjeld å meistre elevmangfaldet og gi ei god opplæring som høver for alle elevar. For å lukkast med det er læraren og lærarkompetansen særs viktig. Boka er skriven for forskarar, lærarutdannarar, lærarar, studentar og andre med interesse for skulen. Professor Peder Haug har leia undersøkinga og redigert boka.","brand":"Peder Haug","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36736960594071,"sku":"9788252180541","price":389.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/1YyYlYhlYkVvkksRNhPzlhwLp4jsOlqb4re1swXt.jpg?v=1716510282"},{"product_id":"det-er-ein-elefant-i-barnehagen","title":"Det er ein elefant i barnehagen","description":"BRRRROOOOOOOIIIIIIP!!!!!! \n \nKva er den rare lyden i barnehagen? Det er ikkje ein vanleg barnehagelyd. Kan det vere ein ... elefant? Dei vaksne seier at det ikkje finst elefantar i barnehagen, men kva kan lyden elles vere? \n \nMaren er sikker i si sak - det må vere ein elefant i barnehagen. Og den elefanten skal ho finne. ","brand":"Bjørn T. Bøe","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36736979501207,"sku":"9788252186949","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/q3bVAuHe8LmCCc12i7y8cfXaRx6gW1vguoI31Wjr.jpg?v=1716511960"},{"product_id":"m-train","title":"M train","description":"Dei uforgløymelege reisene og møta til ein legendarisk artist. M Train tek til i den vesle Greenwich Village-kafeen der Patti Smith kvar morgon går for å drikke kaffi og skrive i notatboka si. Ved stambordet sitt reflekterer ho over livet, kjærleiken, og det ho har mista. I M Train kjem vi nærare Patti Smith enn nokon gong før. \n \nHo inviterer oss inn i sin New Yorkkvardag, fylt av litteratur, kinobesøk og britiske detektiv-seriar. Vi blir tatt med på dei mange reisene hennar: frå Frida Kahlos heim i Mexico til Berlin, London og gravene til Jean Genet, Sylvia Plath og Arthur Rimbaud. Patti Smith har sjølv omtalt denne boka som eit vegkart over livet sitt. \n \nM Train er ei kraftfull og djupt rørande memoarbok av ein av vår generasjons største kunstnarar. Det er ei vakker og ettertenksam bok om sakn, sorg, forsoning, håp og inspirasjon. Illustrert med Smiths eigne polaroidfoto. \n \nTil norsk ved Brit Bildøen. ","brand":"Patti Smith","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36736990380183,"sku":"9788252189087","price":449.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/DGd6zwrve4cCpzHCipnX9cOzzzQVI41nu72L0Xks.jpg?v=1716512443"},{"product_id":"sosial-rettferd-fattigdom-og-rikdom-i-det-moderne-noreg","title":"Sosial rettferd: fattigdom og rikdom i det moderne Noreg","description":"Kva er sosial rettferd, og kva betyr det i det norske samfunnet i dag? Forfattaren viser korleis ulike tenkjarar til ulike tider har definert rettferdsomgrepet, og han gjer greie for ulike prinsipp for fordeling av gode og bører i samfunnet, som t.d. fordeling etter rettar, fordeling etter forteneste og fordeling etter behov. Fleire sider ved økonomisk-materiell ulikskap i Noreg i dag blir også drøfta og relatert til omgrepet sosial rettferd. Boka rettar seg til alle som er interesserte i velferd og fordelingspolitikk.","brand":"Kjell Underlid","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36736999129239,"sku":"9788252173536","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/nifoCcCKogNBhHAnsHZYQeebenSvmMM72JK1lZtW.jpg?v=1716508557"},{"product_id":"fuck-off-i-love-you-roman","title":"Fuck off I love you: roman","description":"Vemund er ein vanleg 16-åring. Likevel viklar han seg inn i eit usunt miljø rundt eit treningssenter. Kvifor? Leiaren i gruppa, Two-Face, er ein fascinerande, men skremmande skikkelse. Han avgjer alle viktige vegval med myntkast: På den eine sida av mynten står det \"I Love You\". Da blir valet godt. På den andre sida står det \"Fuck Off\". Da blir handlinga vond ... Fuck Off I Love You er ei sterk og spennande forteljing som tar opp viktige spørsmål: Kor mykje kan vi styre livet vårt? Kva gjer vi ut frå fri vilje? Og kva blir bestemt ut frå faktorar vi ikkje kan rå over?","brand":"Lars Mæhle","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737001357463,"sku":"9788252181838","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/YjKJ2PeZsiwR9mY0EvvMfOil4f31XgNIJLlMjtv4.jpg?v=1716510599"},{"product_id":"full-pott-i-hjerter-roman","title":"Full pott i hjerter: roman","description":"","brand":"Svein Børge Hoftun","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737008369815,"sku":"9788252174250","price":399.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/NAIU5F19KruslINzC6zyZ5IHbLNXLHEQ966d9Q1f.jpg?v=1716508905"},{"product_id":"livet-til-det-betre-mathilde-yann-billie-tre-portrett","title":"Livet, til det betre: Mathilde, Yann, Billie: tre portrett","description":"Sjarmerande om livet, kjærleiken og tapre unge menneske frå lesarfavoritt Anna Gavalda. \u003cbr\u003e\n  \u003cbr\u003e\n Få forfattarar skildrar sårbare menneske med større hjartevarme og humor enn franske Anna Gavalda. I ein leiken og lun tone fortel ho om menneske som jaktar på kjærleiken, så skjør og lett å øydelegge. \u003cbr\u003e\n  \u003cbr\u003e\n Mathilde. Yann. Bille. Tre historier. Tre unge menneske som leiter etter noko meir. Mathilde har kutta ut studia for ein jobb ho ikkje liker, Yann lever i eit ulykkeleg samliv og Billie, som ikkje kjenner anna enn fattigdom og juling, oppdager ein dag at vennskap finst. Alle er dei bestemte og tapre og vil heller satse og risikere å feile enn å leve middelmådige liv. \u003cbr\u003e\n  \u003cbr\u003e\n Frå fransk ved Tove Bakke.","brand":"Anna Gavalda","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737012695191,"sku":"9788252187151","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/QeTYDBHGei5azZxzhFFiypMV9Sim4BfECq3qtI6E.jpg?v=1716512014"},{"product_id":"den-sjuande-bronnen-roman","title":"Den sjuande brønnen: roman","description":"Forfattaren blei under 2. verdskrig arrestert og deportert til Auschwitz. I denne boka har han skreve portrett av medfangar. Du kan blant anna lese om jazzgjøglaren Pechman, den døyande bonden Meir Bernstein og om fangevoktaren Tadeusz.","brand":"Fred Wander","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737013842071,"sku":"9788252175127","price":349.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/6Hqf19wESwZ282pKImxiY8l1qurqfCzMgFybu8Nw.jpg?v=1716508997"},{"product_id":"full-fart-i-fortifem-idebok-til-fysiske-aktivitetar","title":"Full fart i førtifem!: idébok til fysiske aktivitetar","description":"Praktisk idébok med forslag til ulike timeopplegg i kroppsøving. Aktivitetane krev lite utstyr og er lette å organisere. Dei kan tilpassast store eller små grupper, og gjennomførast på store eller små område. Boka inneheld alternative aktivitetar, som ein ved ulike organiseringsmåtar kan differensiere etter kvar elev sine føresetnader. Boka er i første rekkje retta mot studentar som har kroppsøving og fysisk aktivitet som fag i utdanninga og mot lærarar og andre som arbeider med tilrettelegging av fysiske aktivitetar i grunnskolen og i barneidretten.","brand":"Kari Aaberge","offers":[{"title":"Spiralbunden","offer_id":36737014530199,"sku":"9788252157413","price":229.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/eblZ4bu8p9fFkvP1d2qVZhwCw4e0tKNz1RzP1VAi.jpg?v=1716502594"},{"product_id":"fredlaus-2","title":"Fredlaus","description":"Eg som hadde trudd eg skulle vere åleine her, og så var det eit renn av folk!\n \nOg brått fekk eg igjen ei kjensle av at eg ikkje var åleine. Det er ikkje ei slik kjensle eg bruker å få, som regel veit eg når eg er åleine og når eg ikkje er det. Det var vel faktisk første gong eg hadde denne kjensla. Eg visste at i skogen skal ein stole på kjenslene sine. På instinkta og på dei indre røystene. Og ein skal sove lett, alltid med ei ladd børse ved sida av senga.","brand":"Ragnar Hovland","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737018888343,"sku":"9788234004278","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/DgVnG3UiFPEH6rmnGjvXyT6JZUWisSaCAuKMaC1Z.jpg?v=1716488773"},{"product_id":"nyryddinga","title":"Nyryddinga: roman","description":"Ti år gamle Geir bur på eit småbruk der dei driv med sau. Alt følgjer sitt vante, trygge mønster, styrt av årstidene og arbeidet. Men så blir far til Geir sjuk. Frykta for sjukdommen og ønsket om å halde hjula i gang, gjer at Geir føler eit stort ansvar for å hjelpe til. Det blir tungt for han den dagen dei bestemmer seg for å leggje ned bruket. Men han og kameraten Finn gir ikkje opp: Dei skal bli sauebønder og skihopparar bare dei blir vaksne. Ei veksande interesse for jenter kjem òg inn i bildet, og ein byjentekjærast dukkar opp.","brand":"Sigmund Løvåsen","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737019314327,"sku":"9788234004292","price":379.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/qc6r1PhQoQEMlX7nihTLblJOA7FrDqSoSmRV8VAP.jpg?v=1716488777"},{"product_id":"mercedes-1","title":"Mercedes","description":"Det er ikkje så lett når ein enno ikkje har fylt 14 og mora forsvinn etter at faren har prøvd å treffe henne med kaffikanna.","brand":"Ragnar Hovland","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737019609239,"sku":"9788234004315","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/HJyvRIycWOp5gPGQq2220zrIL9x0fzIbNxhNMKZx.jpg?v=1716488785"},{"product_id":"septologien-iii-v-eg-er-ein-annan-2","title":"Eg er ein annan","description":"Andre bok i «Septologien»\n\nKunstmålaren Asle bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er venner og på eit vis dobbeltgjengarar, to versjonar av det same livet.\n\nMedan eg-forteljaren førebur juleutstilling på Galleri Beyer i Bjørgvin, finn han vennen Asle liggjande i snøen. Han har kollapsa av alkoholmisbruk og blir lagd inn på sjukehus. Asle uroar seg for vennen, tek seg av hunden hans og køyrer fram og tilbake til Bjørgvin på snølagde vegar.\n\nI andre bandet av «Septologien» får vi glimt inn i den unge Asles liv. Det er famlande kyss, røyking og drikking, band og slåstkampar, ei masande mor og ein tolig far, hybel- og gymnasliv. Galleristen Beyer oppdagar den unge målaren då han stiller ut i heimbygda på Ungdomshuset. I gymnastida møter dei to Aslane kvarandre for første gong, begge byrjar på Kunsthøgskulen i Bjørgvin. I Bjørgvin møter Asle kjærleiken i Ales.\n\n«Septologien» er Jon Fosses storverk i sju delar. Første boka, Det andre namnet, kom ut i 2019 og vart seld til 14 land, vart nominert til den internasjonale Booker-prisen og hausta glitrande kritikkar både nasjonalt og internasjonalt. I år kjem den andre boka, Eg er ein annan. Den tredje og siste boka, Eit nytt namn, kjem ut i 2021.\n\nNominasjonar og prisar til Septologien:\n\nDet andre namnet:\n\nLanglista til Dublin Literary Award 2020\nLanglista til The International Booker Prize 2020\nNominert til Kritikarprisen 2019\nNominert til Brageprisen 2019\nNominert til Stadsteaterns Internationella pris\nNynorsk litteraturpris 2019\n\nEg er ein annan:\n\nLanglista til Dublin Literary Award 2021\nNominert til Kritikarprisen 2020\n\nEit nytt namn:\n\nLanglista til Dublin Literary Award 2022\nKortlista til The international Booker Prize 2022\nFinalist til National Book Award 2022\nKritikarprisen 2021\nBrageprisen 2021","brand":"Jon Fosse","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737020493975,"sku":"9788234004728","price":379.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/OsaU1swfx72RqZJMg7NANJJaCXIs7EFUXlBLk4Qv.jpg?v=1716515824"},{"product_id":"no-faer-huset-1","title":"No fær huset: forteljingar","description":"Ei kvinne bur åleine i ei mørk kjellarleiligheit, og dagens høgdepunkt er togturane med ein altfor informativ nabo. Ein mann slit med å få kvardagen til å henge saman etter at kona reiste, og kler opp eit fugleskremsel med kleda hennar. Eit par får stadig høyre kor vakkert barn dei har fått, men barnet utviklar seg ikkje normalt. \u003cbr\u003e\n  \u003cbr\u003e\n No fær huset er ei novellesamling om lengt, der vi møter menneske som på kvar sitt vis ikkje heilt får det til. Det handlar om dei erfaringane folk gjer seg, og om kor vanskeleg det kan vere å leve eit heilt alminneleg liv. \u003cbr\u003e\n  \u003cbr\u003e\n Djupvik set ord på kor sårbart livet kan vere, og syner fram at vi alle har ulike utfordringar. Derfor treng ingen av oss å skamme seg.","brand":"Laura Djupvik","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737023803543,"sku":"9788234002748","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/aGkS4eDaRYHRMz1faskMiW9H9XIgGg37UC45cfeZ.jpg?v=1716488318"},{"product_id":"livvakt-pa-innsida-av-politiets-sikkerheitsteneste-pst-1","title":"Livvakt: på innsida av PST","description":"Med pistolen klar.  \n \nEnkelte norske politikarar kan ikkje bevege seg utanfor døra utan å ha væpna livvakter frå PST i hælane. Her blir vi med på innsida av eit av dei mest lukka miljøa i landet. Vi følgjer livvakt Svein Arne og fleire av kollegaene hans på oppdrag i Noreg og i utlandet. \n  \nVi blir med i kvardagen deira, følgjer livvaktene under Nobelpris-utdelinga og blir med statsministeren til Irak og på juleferie heime i Bergen. Vi kjem tett på statsminister Erna Solberg og andre sentrale politikarar som har livvakter rundt seg til alle døgnets tider. Livvaktene hastar etter Jens Stoltenberg i skiløypene, dei posisjonerer seg mellom reolane når Abid Raja er i daglegvarebutikken, og dei er med statsministeren på ferie i utlandet. Korleis er det å leve med livvakter døgnet rundt?  \n  \nHistoria til den moderne livvakttenesta starta i 1945, få dagar etter at andre verdskrigen tok slutt. Dei kongelege hadde behov for vern etter at tyskarane hadde kapitulert. Det er heilt andre truslar i dag. For kvar dag det går bra, kjem ein nærare dagen det ikkje går bra. Slik tenkjer livvaktene i PST. Og slik må dei tenkje. Det er jobben deira.","brand":"Simon Frammarsvik Solheim","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737026424983,"sku":"9788234000720","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/LnNlQhf97ceWJ4KQtt7TzZY7SM6QVy8tJdg34na7.jpg?v=1716487672"},{"product_id":"lars-berg-rikspornograf-og-kulturforkjempar","title":"Lars Berg: rikspornograf og kulturforkjempar","description":"Dristige bøker frå radikal kulturprofil. \nLars Berg (1901-1969) debuterte som romanforfattar i 1934. Dei første romanane vekte stor oppsikt og blei storseljarar. Dei handla om impotens og seksualangst og om stor seksuell appetitt. Lars Berg blei skulda for «spekulasjon i råskap og et skittent fantasiliv» og fekk tilnamnet rikspornograf. Han blei meld til politiet, men blei frikjend. Berg skildra seksualiteten som ei positiv kraft som blei halden nede av kyrkja og folks fordommar. Det gjorde Lars Berg til den mest radikale norske forfattaren i 1930-åra, og for si tid var han truleg langt dristigare enn Agnar Mykle 20 år seinare. Under krigen sat Berg på Grini, og dei påstått umoralske bøkene hans hamna på indeks og blei fjerna frå bibliotek og bokhandel. \n \nLars Berg skreiv realistiske romanar frå eit nordnorsk fiskarbondemiljø. Fiskarliv, jordbruk og lærargjerning stod sentralt, noko Lars Berg hadde førstehandskunnskap om. Målmannen Lars Berg arbeidde som lærar og kulturarbeidar i Troms. Han kjempa for at Nord-Noreg skulle ha eit like godt og mangfaldig kultur- og utdanningstilbod som resten av landet. Mellom anna slost han for at landsdelen skulle få eit eige teater. Lars Berg blir rekna som Hålogaland Teaters far.","brand":"Jan Olav Gatland","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737028489367,"sku":"9788234002861","price":449.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/Dje5lH2TsGpyTdM9BhG6qFWleY5fYhZxNHORKZ67.jpg?v=1716488335"},{"product_id":"flyt","title":"Flyt","description":"Seksten år gamle Anette har alt, pluss ein kjærast som ho ikkje eigong vil ha. Eller vil ho ha han likevel?\nDet veit ho ikkje. Det er i det heile mykje Anette ikkje er heilt sikker på både når det gjeld kjærasten Fredrik, ekstypen Bobby, livet, skolen og han rare guten i tredje gym. Men på den rappkjefta og frekke måten sin utforskar ho uredd livet, og seier ikkje nei verken til fest eller rus. Ho har full kontroll. Flyt er ein sjølvstendig oppfølgjar til Kunsten å inhalera.","brand":"Ingelin Røssland","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737031897239,"sku":"9788234004186","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/Cqgm4RWEjMVLEQL18hlOL3oN6xceQXlKaLiGwf0C.jpg?v=1716488739"},{"product_id":"engleslakt","title":"Engleslakt","description":"Journalistspiren Engel og venninna Irene mottar ubehagelige tekstmeldinger etter en fest. For første gang blir Engel usikker på om alt egner seg på trykk, og om det finnes handlinger som bare kan hevnes - ikke tilgis. Dette er den siste boken i trilogien om Engel Winge.","brand":"Ingelin Røssland","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737032323223,"sku":"9788234004179","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/bPGooGRYsPWG45uMxdOOD38r5IvPrU9qvvt5KPuT.jpg?v=1716488736"},{"product_id":"englefjes","title":"Englefjes","description":"Første bok i ein rå trilogi for ungdom! Engel Winge har sommarjobb i lokalavisa på Tysnes og har fått teften av ei god sak. Hyttefolk som bryt bygningslova like ved eit fuglereservat og hindrar fri ferdsel i strandsona. Engel skyr ingen metodar for å skaffa bevis, men det viser seg snart at skjergarden rundt Tysnes skjuler verre ting enn ulovlige hyttenaust. I si jakt på sanninga og ei god sak for avisa, kjem Engel stadig i trøbbel med politiet både for hærverk og båttjuveri. Når ho får teften av mord, finn ho det best å ta saka i eigne hender. Engel blir nøydd til å lura mordaren i ei felle, og ho har inga anna lokkedue enn seg sjølv.","brand":"Ingelin Røssland","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737032421527,"sku":"9788234004155","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/R7kLSwXcmUcxuHO5oH0KxixQiRbiUCQyZ9fjJKHK.jpg?v=1716488727"},{"product_id":"englejakt","title":"Englejakt","description":"I Englejakt har ei synsk dame kjend frå ein tv-serie kome på ferie til Tysnes. Engel er skeptisk til overnaturlige greier, derfor overtalar ho kjendisen til å bli med til Marøya. Det viser seg snart at ikkje alle spøkelsa på Marøya er like døde, og at vondskapen til dei levande er grenselaus.","brand":"Ingelin Røssland","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737033207959,"sku":"9788234004162","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/f8xDxsFb6FN6hrwIPR2xZYeriRwclqreJWDhwsIS.jpg?v=1716488731"},{"product_id":"eksperimentet","title":"Eksperimentet","description":"Klassisk forviklingshistorie med alvorlege undertonar \n \nTvillingane Amund og Amanda skal på ferie til besteforeldra på Sørlandet. På toget finn dei ut at dei vil bytte namn og klede. Amund skal bli Amanda, og Amanda skal bli Amund. Guten skal bli jente, og jenta skal bli gut. Dei skal late som dei er kvarandre, eit eksperiment som berre skal vare ein kveld. Men så får dei uventa besøk som ikkje gjennomskodar spøken, og då blir det vanskeleg å byte tilbake ... \n \nEksperimentet er ei spennande forteljing om eit tema som opptek mange barn: Fantasien om å vere motsett kjønn.","brand":"Harald Nortun","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737033666711,"sku":"9788234004148","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/elHR3DmkphEhiKAoRamPbEkWq0ofrFyS27V7UJGJ.jpg?v=1716488723"},{"product_id":"bouvetoya-2052","title":"Bouvetøya 2052: roman","description":"Året er 2052. Startskotet går for tidenes heftigaste nett-reality, ein klimakonkurranse på isolerte Bouvetøya i Sørishavet.  \nEin ungdom frå kvar verdsdel, kvar med sine unike eigenskapar, skal knive om enorme pengesummar. Dei skal vere offline i tre dagar, mens resten av verda kan følgje dei gjennom liveoverføringar. Men er Bouvetøya 2052 verkeleg ein sjanse til å endre planetens framtid? Mot si vilje blir den norske aktivisten Roland vikla inn i eit spel på liv og død.","brand":"Lars Mæhle","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737033896087,"sku":"9788234004117","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/QEB2odLeslChPa2Y4hXUXK4W74n5qonrne1Vo44r.jpg?v=1716488712"},{"product_id":"ingen-er-sa-trygg-i-fare","title":"Ingen er så trygg i fare","description":"Vår nære historie er bakteppe for hovudpersonen Kapos forteljing. I eit fritt framhald av romanen Mars frå 1998, får Kapo no omsorg for den etterlatne arvingen etter det styrta Babel-konsernet. For Kapo blir dette byrjinga på eit nytt liv, og han kjenner behov for å finne ut meir om sin eigen familie. Med ei mor som opplevde evakueringa av Finnmark etter andre verdskrigen, og ein russisk soldat som mogleg far, betyr denne jakta på opphavet eit djupt dykk ned i norsk og russisk etterkrigshistorie.","brand":"Jørgen Norheim","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737034223767,"sku":"9788234004131","price":379.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/26GsXc3E8n0qQz0DJYosTgtoHaXsc76r682WQWwK.jpg?v=1716488719"},{"product_id":"dodeboka","title":"Dødeboka: fantasyroman","description":"Leo Rubin, Den utvalde, får ei grufull utfordring: Han må reise frå heimstaden Smalvik til Karnak, tempelet lengst sør i Landet under isen. Han må vere der innan vintersolkverv, det aller mørkaste døgnet i året. Og han får eit umuleg val: Døden. For han sjølv. Eller for vennene sine. Det er ei hemmeleg sekt, Soltempelordenen, som står bak. Og sektleiaren, den nådelause Hathor, skjuler seg ein stad i Smalvik. Sekta førebur dommedag, saman med ein veksande hær livsfarlege kappekattar. Men først må dei få fatt i Dødeboka, den glømte og gjømte protokollen med svara på dødens gåter. Hathor trør over lik for å få fatt i skriftet. Men kven er ho? Kan etterforskar Magne Jerstad avsløre henne? Kan Leo klare det umulege oppdrageti riket under isbreen? Og kan dei finne Dødeboka i tide? Dødeboka er ei råspennande fantasyforteljing der gammelegyptisk religion dannar bakteppet.","brand":"Lars Mæhle","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737034518679,"sku":"9788234004124","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/UCBGK6qCKl75jfj7ZIqO0Me0W10Burur7p2EvRyk.jpg?v=1716488716"},{"product_id":"nattsommarfugl","title":"Nattsommarfugl","description":"Johanne er på sommarbesøk hos mormor og morfar. Mattias er ein gut.som ho kjenner seg forelska i, og ho blir med han på hytta. Dei blir på ein måte kjærastar, men ein slengmerknad øydelegg alt, og brått er ikkje Johanne interessert i han lenger. Ho slår opp. Dagen etter får ho vite at Mattias er forsvunnen.","brand":"Hilde K. Kvalvaag","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737035141271,"sku":"9788234004100","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/GiC9r2kkYQluOilFmzIpoNuDfaJVb0PVflkSEEIK.jpg?v=1716488707"},{"product_id":"jon-fosse-poet-pa-guds-jord-1","title":"Jon Fosse: poet på Guds jord","description":"Biografien er basert på ei rekkje samtalar med Jon Fosse om liv, kunst og dikting. Her kjem vi nærare innpå forfattaren, og høyrer om alt frå oppvekst med gitar og danseband i bygda Strandebarm i Hordaland, cocktailparty i Paris, 12-åringens hemmelege skriverom, til dei store teaterscenene i Europa. Vi får høre om vegen frå teaterhat til internasjonalt gjennombrot, om forlagsrefusjonar og kritikarhyllest, og om ein mann som meiner han først og fremst er ein poet på Guds jord.","brand":"Cecilie N. Seiness","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737035239575,"sku":"9788234004063","price":379.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/qNGOpTYZFGmNkJKkKz8tdtGEi8Z8jievUcsVdWSo.jpg?v=1716488696"},{"product_id":"sokeord-ayotzintli-1","title":"Søkeord : ayotzintli","description":"Mikke er hjemme alene mens moren og stefaren er på ferie i Chile. De andre i klassen er i gang med russefeiringen, men han vil ikke være med. Han har slått opp med Siri, og svarer ikke når hun sender meldinger. Han sitter ved pc-en om nettene og skriver dagbok og leser om skilpadder.","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737035894935,"sku":"9788234004087","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/8jJJK1zbFsv3faKo51UmZNn1kOGw8YBgyFWz9ALp.jpg?v=1716488699"},{"product_id":"fengsla","title":"Fengsla","description":"Snart 16 år gamle Idun er den flinkeste i klassen. En dag får Idun vite at kusinen hennes, Mai, kommer for å bo hos dem. Men med Mai følger det trøbbel, og Idun lar Mai trekke seg inn i en farlig affære.","brand":"Hilde K. Kvalvaag","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737036288151,"sku":"9788234004094","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/csN1E41vXsfz0RDhN18aBIMcTVm5ta4USFlRTL5u.jpg?v=1716488704"},{"product_id":"venneringen-bente-og-kami-2","title":"Venneringen","description":"Alt ligg til rette for at Bente og venninnene skal få ei fin ferieveke på hytta. Men ingenting blir som ho har tenkt.  \nVenninnene Kami og Ingrid har hemmelege ting på gang som ho ikkje får vite om. I hytteområdet skjer det innbrot og valdtekt, og jentene blir dratt inn i etterforskinga. Bente får ei bildemelding som tyder på at ein eller annan følgjer godt med på alt dei gjer. Dessutan er det vanskeleg å forstå om Marius eigentleg er forelska i henne.","brand":"Magnhild Bruheim","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737036779671,"sku":"9788234004056","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/IlESZSIoBHNWLoXXLujWoYFnpNYYl40zID6Xva5R.jpg?v=1716488692"},{"product_id":"hyttemysteriet-stian-og-stine-2","title":"Hyttemysteriet: roman","description":"For over 60 år sidan flytta Åshild Ulstrup frå heimbygda Valen i Sunnhordland. Sidan har ho budd i Oslo. Der har ho hatt to ekteskap, oppfostra fire barn og arbeidd som journalist. I dag er ho 80 år, enkje og kallar seg ein livets frilansar.\nUlstrup er ei velkjend radio.stemme som veit å få menneske i tale. No fortel ho frå sitt eige liv. Ulstrup går tilbake til ein uvanleg barndom i ei bygd med eit mangfald av liv og lagnader, landskap og opne dører, ein barndom med både galskap og eventyr.","brand":"Magnhild Bruheim","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737036976279,"sku":"9788234004025","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/m1GMVw7x4HObZvWGMK3nLYhOKt55TeImAGPgOvLS.jpg?v=1716488680"},{"product_id":"pa-flukt","title":"På flukt: roman","description":"Under arbeidet med ein dokumentar om innvandrarjenter oppdagar Bente og Henrik ei jente som heilt tydeleg prøver å få kontakt med dei. Ho står i inngangen til ein bygard, men forsvinn før dei finn ut kva ho vil. Bad ho dei om hjelp?\nNeste dag er jenta der igjen, og snart blir Bente og Henrik involverte i flukta hennar for å koma unna eit tvangsekteskap og ein familie som er villige til å begå æresdrap.\nMagnhild Bruheim skriv spennande om ungdommar som hamnar i livsfarlige situasjonar. På flukt er den tredje boka i den populære serien om Bente og Kami.","brand":"Magnhild Bruheim","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737038155927,"sku":"9788234004049","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/zJD9KUqmfoG7DugPe0w0FdUMPVAug7dbDBDQAQ52.jpg?v=1716488688"},{"product_id":"motorsykkelmysteriet-stian-og-stine-1","title":"Motorsykkelmysteriet: roman","description":"Første bok i spenningsserien om Stian og Stine  i pocket! \n \nStian og Stine er like gamle og bur i same huset, dei er stesøsken som nettopp har vorte del av ein ny familie. Men å få ein ny bror eller søster er ikkje alltid like lett! Då er det fl aks at både Stian og Stine liker å løyse mysterium. Ein kveld skjer det noko mystisk i nabolaget, og jakta på svaret fører Stian og Stine opp i fl eire skumle situasjonar.  \n \nMagnhild Bruheim har skrive ein engasjerande spenningsroman for dei yngre lesarane, og heldigvis blir det fl eire bøker om søskena Stian og Stine og alle mysteria dei rotar seg opp i!","brand":"Magnhild Bruheim","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737039532183,"sku":"9788234004032","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/Poq4nKSXxoVdwaih7HqyCH9fle5gHgY3ETKNDAFB.jpg?v=1716488684"},{"product_id":"inn-i-elden","title":"Inn i elden","description":"Finnmark, 1600-tallet. De to unge jentene Elen og Dorothe havner på hver sin side i den grufulle heksejakten. Elen er datter av en \"klok kone\", mens Dorothe er riksmannsdatter fra København. De to jentenes liv krysser hverandre da Dorothe blir giftet bort og flytter til Vardø med mannen sin.","brand":"Aina Basso","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737039925399,"sku":"9788234004001","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/oOH1DMZtLbAA7qdlDr3WUhFgrOX4PMMYvlXh8u4S.jpg?v=1716488671"},{"product_id":"blod-pa-hendene","title":"Blod på hendene: roman","description":"Kari Marie Eiker (Kami, blant venner) er med i ei aktivistgruppe som nattetid tek seg inn på pelsdyrfarmar, for å avsløre industrien.  \nKampen mot pelsdyroppdrett får stadig breiare støtte etter kvart som media viser bilete av dyr som lir. Like etter ein aksjon blir Kami kontakta av ein ukjend mann som følgjer godt med på alt ho gjer. For henne blir situasjonen etter kvart meir truande. \nSamtidig får ei jente frå ein av farmane anonyme meldingar der det står: Du har også blod på hendene! \nBlod på hendene er den fjerde boka i den populære serien om Kami og Bente. Ei krimbok for ungdom, med spenning frå første til siste side, og med aktuelle tema som kamp mot pelsindustrien og mobbing.","brand":"Magnhild Bruheim","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737039990935,"sku":"9788234004018","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/PHPPUeymaS3RH5Gldh9FXIgDXyQwN6Rm1LhqVzaJ.jpg?v=1716488675"},{"product_id":"ingen-ma-vite","title":"Ingen må vite","description":"Året er 1734. 14-årige Ingeborg dett på isen, og får hjelp av Mikkel til å kome seg opp. Ingeborg blir forelska i Mikkel, og byrjar å drøyme om han om nettene. Men det fins eit hinder mellom dei, ein farlig løyndom som må bli avslørt, og som vil få alvorlege konsekvensar for alle involverte. Dette er forfattarens debutroman.","brand":"Aina Basso","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737040220311,"sku":"9788234003998","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/j2LxQCZ1lkIgoZMXhI4ckePFTzxK1hUeo1uPglxB.jpg?v=1716488667"},{"product_id":"heksejakt-og-heksebrenning-i-europa","title":"Heksejakt og heksebrenning i Europa","description":"Då hekseri og trolldom var blodig alvor!\n\nFrå 1400-talet og fram til rundt 1700 blei 100 000 kvinner og menn stilte for retten og skulda for hekseri og trolldom i Europa. Rundt 50 000 av desse blei avretta. Her i landet blei over 300 såkalla hekser drepne. Dei var vanlege kvinner, gifte og ugifte, fattige og rike, unge og gamle.\n\nHeksene blei hengde eller halshogne, men oftast brende. Bålet skulle ha ei reinsande kraft.\n\nHistorikaren Aina Basso fortel om hekseprosessane i Europa og i Noreg. Her blir vi kjende med hekser som franske Jeanne d'Arc og tyske Merga Bien, men også norske hekser som Anna Pedersdotter Absalon og sunnmørske Sva-maska. Vidare får vi historia om den siste og aller verste av hekseprosessane i Finnmark. I 1662 blei 31 kvinner skulda for å vere hekser. Av desse var det seks småjenter. Kven var heksene? Og korleis i alle dagar kunne noko slikt skje?\n\nHeksejakta er ikkje over. Både i Asia, Sør- Amerika og Afrika er det stader der dei framleis brenner hekser.","brand":"Aina Basso","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737040547991,"sku":"9788234003981","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/hNwycMdmSvbHFy6NO3QlqdqIy5Pnl9jgJSJqX3HM.jpg?v=1716488663"},{"product_id":"new-york-trilogien","title":"New York-trilogien","description":"Auster fekk sit store gjennombrot som forfattar med dei tre kortromanane som er samla her. Dei dreier seg alle om detektivarbeide og menneske som er bortkomne. Ramma for dei labyrintiske forteljingane er lagt til New York, og nokre av personane dukkar opp i fleire av historiane. Boka er eit godt døme på metafiksjon.","brand":"Paul Auster","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36737040646295,"sku":"9788252142969","price":200.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"nynorsk-ordliste-storre-utgave-med-ordforklaringar-synonym-og-fotnotar-tilleggsliste-bokmal-nynorsk-og-liste-over-forkortingar-9","title":"Nynorsk ordliste: større utgåve med ordforklaringar, synonym og fotnotar, tilleggsliste bokmål-nynorsk og liste over forkortingar","description":"Inneholder 35.000 oppslagsord, ordforklaringar, synonym, brukarrettleiing med grammatikk og råd om god målføring m.m. Med nye rettskrivingsvedtak frå 1996.","brand":"Alf Hellevik","offers":[{"title":"Tekstilbok","offer_id":36737040842903,"sku":"9788252147902","price":97.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"innestengt-i-udyr","title":"Innestengt i udyr","description":"Romanen forteller bl.a. om to svært ulike figurer; Griseline fra Fabuland og Guru fra Legoland. Russetid og studieliv i Bergen utgjør rammehistorien. I boka skildres jeg-personens problematiske forhold til mat, menneskenes angst for hverandre og forakten for de svake. Jenteerfaringer blir formidlet på en gjenkjennelig måte og selv om mye er trist, finnes det håp om en endring til det bedre. Dette er forfatterens debutbok.","brand":"Olaug Nilssen","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737041825943,"sku":"9788252176995","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"elefantmusikken-1","title":"Elefantmusikken","description":"Diktsamlinga inneheld humoristiske dikt som alle har referansar til andre litterære tekstar. Den inneheld m.a. Kveldssong for deg og meg, Vårdikt, Gøymespel og Luring.","brand":"Ragnar Hovland","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737042022551,"sku":"9788252176810","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"den-som-ikkje-har-goymt-seg-no-2","title":"Den som ikkje har gøymt seg no","description":"Odd har spegla seg mot baksida av ei spiseskei og begynt å lure på om han er heilt som han skal. Ein dag stenger bestevennen Per Tore seg inne på rommet sitt og nektar å gå på skulen. Han trur det kviler ei forbanning over han - det skjer jo så mange ulykker der han er. Mor til Per Tore vil at Odd skal snakke med han, men Odd er ikkje så flink til å snakke. Med seg sjølv og andre som innsats bestemmer han seg for å sette den innbilte forbanninga på prøve.","brand":"Arnfinn Kolerud","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737043005591,"sku":"9788252176933","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"zoomarferien-roman-1","title":"Zoomarferien: roman","description":"Tenåringsgutane Per Tore og Odd får ikkje reise på sommarferie. I staden fotograferar  dei  ein mann idet han gjer noko ulovleg, og prøver å presse pengar ut av han. Odd er redd dei skal bli kjenningar av politiet, og at bygda skal hate dei. Boka er ei frittståande oppfølgjar til Den som ikkje har gløymt seg no.","brand":"Arnfinn Kolerud","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737043267735,"sku":"9788252176940","price":199.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"utanfor-sesongen-1","title":"Utanfor sesongen","description":"Venge drar for å spore opp den forsvunne kona si. Det skjønar han snart at han ikkje burde gjort. Snart har han berre seg sjølv å lite på, og han er klar over at han er ein tvers gjennom upålitelig person.","brand":"Ragnar Hovland","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737043792023,"sku":"9788252176773","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"naer-nok","title":"Nær nok","description":"Dette er ei novellesamling for ungdom, og temaet er forholdet mellom ungdom og familien deira. Boka inneheld ti noveller, og er forfattarens 2. novellesamling.","brand":"Erna Osland","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737044119703,"sku":"9788252177060","price":199.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"berre-du-som-veit","title":"Berre du som veit","description":"Boka inneheld 10 noveller med skolen som tema. Her møter vi bl.a. ein gut som må lure seg til skolen, ei jente som går med kniv i sekken og ein lærar, den vakre Rikarda Rosenlund, som byrjar å skulke.","brand":"Erna Osland","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737044578455,"sku":"9788252177053","price":199.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"paradis-1","title":"Paradis","description":"Etter et år i fengsel dukkar Roger opp hos den platinablonde Gloria. Han har ein dom for mord bak seg. Gloria meiner at det berre er skulejenter som vert imponert av slikt. Likevel lar ho han låne faren sin bil, og dagen etter er dei på full fart gjennom ferjekøar og langs fjordsider...","brand":"Ragnar Hovland","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737045332119,"sku":"9788252176780","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"varselet-roman-1","title":"Varselet: roman","description":"Denne høsten har Langfyrkja blitt sett flere ganger i fjellbygda. Det mennesket som gjemmer seg bak hvite laken og plakater som varsler ulykke, skremmer både barn og voksne. En mann blir funnet død i et fiskevatn, og det viser seg senere at det ikke er snakk om en vanlig drukningsulykke. Dette er første roman med Kripos-etterforskeren Mons Strand.","brand":"Magnhild Bruheim","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737045627031,"sku":"9788252176629","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]}],"url":"https:\/\/samlaget.no\/collections\/alle-produkter\/pris_havmannprisen-2025.oembed","provider":"Samlaget","version":"1.0","type":"link"}