Syn og Segn. Hefte 3 - 2018

Knut Aastad Bråten

Ekstremisme, folkemusikk, død og odelsrett

Finst det ei grense for kor mange hytter vi kan byggje, spør Knut Aastad Bråten, redaktør i Syn og Segn.

Nazistar marsjerer igjen i gatene i fleire europeiske land. Kor langt skal vi gå i å tolerere grupper som vil nekte andre dei demokratiske rettane dei sjølve nyt godt av? Filosofiprofessor Kristian Skagen Ekeli svarar.

Folkemusikken ber med seg spor frå fortida og kan lære oss noko om kven vi er, seier hardingfelespelar Anne Hytta. – Tradisjonen er ikkje ein stiv, uformeleg grå masse, han er levande og i stadig rørsle.

Like fullt som livet og kvardagane kjem til oss, ventar også døden. Kva tenkjer vi om døden i dag? 11 skribentar skriv om døden frå fleire ulike ståstadar.

Camilla Fossum Pettersen og Ruben Alexander Pettersen skriv om farskjærleik og kvifor han ikkje blir anerkjent, medan Eirik Magnus Fuglestad dykkar ned i odelsretten og spørsmålet om kvifor vi framleis klamrar oss til han.

Russarane var eit revolusjonært folk med ei ærerik fortid og imperiebygging. Men dagens russiske sovjethistorie ekskluderer Sovjetunionens opphav: revolusjonen. «Revolusjonar blir eit opprør mot legitime regime», skriv Kåre Johan Mjør.


ISBN: 9788252195996

Kategoriar: Alle bøker, Syn og segn

Emneknagg: Nyheit

Sjanger: Tidsskrift


Meir frå Knut Aastad Bråten