Last ned omslag

Bla-i-boka

Norsk litterær årbok 2017

Nora Simonhjell | Benedikt Jager

Norsk litterær årbok inneheld litteraturvitskaplege artiklar som samanfattar fjoråret. Den danske lyrikkforskaren Louise Mønster skriv om det norske lyrikkåret 2016. Frode Helmich Pedersen presenterer ei kritisk kartlegging av røyndomslitteraturen og den norske debatten kring den, medan Carina Franzén løftar fram nyansane i forfattarskapen til vinnaren av Nordisk Råds litteraturpris, Katarina Frostenson.

Årboka inneheld dessutan fleire artiklar som krinsar kring etiske spørsmål, to artiklar om øko-kritisk lesing av litteratur, nylesingar av Helene Dickmar og Nini Roll Ankers tekstar og ein sjangerkritisk diskusjon av dramatiske opningar.


Meir frå Nora Simonhjell