Last ned omslag

Bla-i-boka

Medborgar

Claudia Rankine

Lovprist vitnesbyrd om vår tids rasisme

Ein annan venn seier at du må lære deg å ikkje absorbere verda. Ho seier at ho av og til kan høyre si eiga røyst seie stille til kven det skulle vere: Det du seier der, det aksepterer eg ikkje. Vennen din nektar å bere det som ikkje høyrer henne til.

Å vere medborgar er ei forventning om at du skal delta, sjølv om samfunnet du lever i, fengslar, skadar og drep kroppar som ser ut som din. Medborgar er eit litterært vitnesbyrd over korleis rasismen til dagleg gjennomsyrar livet vårt, og er ei av dei mest lesne og omtalte amerikanske diktbøkene dei siste åra. Med ei blanding av poesi, prosa, essay og bilete naglar Claudia Rankine fast erfaringa med å bli gjort til den andre og utfordrar forståinga av kva det vil seie å vere medborgar, med døme frå framgangsrike personar som Serena Williams og Zinedine Zidane, frå TV og frå dagleglivet - i køen i matbutikken, i klasserommet, på jobben.

Gjendikta av Kristina Leganger Iversen og Camara Christina Lundestad Joof. 

Gjendiktingane av Ariana Reines, Julian Talamantez Brolaski, Nathaniel Farrell og Claudia Rankine, er utgitt i samarbeid med Mathias R. Samuelsen og Rune F. Hjemås. Dei har stått for utvalet og bistått med redaksjonelt arbeid og rådgiving undervegs. Forfattarane som her er gjendikta, har tidlegare vore publiserte gjennom forlaget og tidsskriftet Beijing Trondheim, der Samuelsen og Hjemås er redaktørar.

Frå Bokmeldingar

«...det som treffer meg sterkest med Rankines bok: hvordan den fortsetter å vokse og verke i meg etter endt lesning. [...] Bokas norske oversettere, Kristina Leganger Iversen og Camara Lundestad Joof, har vært opptatt av å sette den inn i en pågående debatt om den rasismen en del av befolkningen utsettes for. Det er betimelig, og Rankines skarpe og kloke refleksjoner er kjærkomne i den debatten. [...] Det nakne hatet treffer en i magen, forsterket av Rankines stemme [...]»
Caroline Tromp, Klassekampen



Meir frå Claudia Rankine